Dramatikar Mine Nilay Yalcin og Sirkus Grønland var eit av prosjekta som fekk støtte frå LOK i 2024. Gateframsyninga er eit fellesskapsprosjekt og ei kjærleikserklæring til Grønland i Oslo, som blir framført utan gjerde eller avgrensingar for publikum. Biletet er frå ein pilotversjon av prosjektet i 2022. Foto: Maren Moen Blomstereng.
Aktuelt

Vi søkjer utvalsmedlemmer

Vil du vere med å vurdere kva kunstprosjekt som skal få støtte frå KORO si prosjektstøtteordning LOK? Vi søkjer fire nye utvalsmedlemmer som skal vere med på å fordele midlane i 2025.

Formålet til KORO si prosjektstøtteordning for kunst i offentlege rom – Lokalsamfunnsordninga – er å stimulere til produksjon og formidling av kunstprosjekt i offentlege rom og bidra til utvikling innan fagfeltet lokalt og regionalt. 

Oppdraget består i å vurdere søknader og utarbeide ei grunngjeven innstilling i samarbeid med fagpersonar frå KORO sin kunstseksjon. Arbeidsmengda er estimert til omlag to arbeidsveker pr. år. Størstedelen av arbeidet skjer i februar/mars.

I samansetninga av utvalet blir det lagt vekt på at kunnskapen til medlemmene til saman representerer eit mangfald av kompetanse innan fagfeltet kunst i offentlege rom. Medlemmene i utvalet må vere godt orienterte om nasjonal og internasjonal samtidskunst. Det er ein fordel (ei føremon) om søkjarane har erfaring med produksjon av kunst i offentlege rom og/eller arbeid med kunst i stadutviklingsprosessar.

Kort motivasjonstekst og CV skal sendast til post@koro.no innan 22. november 2024.

KORO vil ha ein arbeidsplass som speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for arbeidstakarar, til dømes ved å tilby tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.