Drew Snyder frå kuratoteamet for det nye regjeringskvartalet.
Aktuelt

Det folkekjære kunstverket Grass Roots Square blir flytta 

Sidan 2012 har Grass Roots Square av den koreanske kunstnaren Do Ho Suh (f. 1962, Seoul, Korea) høyrt heime på plassen framfor R6 i Teatergata 9 i Regjeringskvartalet. Det populære verket som var samansett av 50 000 små, grøne figurar plasserte under og mellom hellene på plassen, blir nå tatt ned for konservering. I 2024 blir det flytta til ny plassering på Einar Gerhardsens plass, som blir bygd opp igjen på austsida av Høgblokka i det nye regjeringskvartalet.

KORO sine kuratorar har i tett kontakt med kunstnaren og studioet hans i London avgjort å flytte Grass Roots Square til Einar Gerhardsens plass. Der vil det bli tilgjengeleg for allmenta når plassen blir opna på nytt.

– Avgjerda om å flytte kunstverket er basert på ei heilskapleg vurdering som inkluderer uvisse rundt om R6 vil huse statlege departement i framtida, og den opphavlege kunstnariske intensjonen bak plasseringa av verket tett på verksemda i regjeringsapparatet. Fysisk nærleik til maktapparatet i regjeringa er ein sentral del av meininga med verket, og det er viktig å behalde dette forholdet sjølv om grensene og samansettinga til regjeringskvartalet blir endra, seier Drew Snyder frå kuratorteamet for nytt regjeringskvartal.

Agaia er i gang med å ta bort verket. Fotograf: André Gali /KORO

Grass Roots Square var inntil nyleg plassert under og mellom hellene på den opne plassen ut mot Munchs gate. Kunstverket inkluderte eit tre som kastar skugge over plassen på varme sommardagar. Det som på avstand kan sjå ut som felt av gras mellom hellene, viser seg å vere fleire titusen små, grønpatinerte bronsefigurar. Skulpturane, som er 7–15 centimeter høge, finst i fire hundre ulike variantar. På nært hald trer den store detaljrikdommen fram. Figurane har ulik alder, etnisitet og kjønn og gjev inntrykk av individualitet samstundes som dei er ein del av ein sterk og samanbunden masse. I motsetnad til klassiske, monumentale skulpturar er verket plassert i bakken, og kunstnaren seier sjølv om Grass Roots Square at det er «i same høgda som plassen og offentlegheita. Det er dette nivået, grasrotnivået, ein bør sjå samfunnet frå».

Fotograf: André Gali /KORO

Verket vil gjennomgå ei grundig konservering før det blir montert på nytt på Einar Gerhardsens plass. Der vil det inngå i dialog med andre sentrale kunstverk, som Fiskerne av Picasso og andre verk som vil produserast framover.

Treet på plassen var opphavleg ein del av verket, men det blir ståande i Teatergata og vil forhåpentleg kunne fungere som eit ekko av den tidlegare plasseringa av verket.