NTNU i Trondheim, Dragvoll

Kunstprosjekta på Dragvoll er fordelte på tre hovudområde inne og ute og består av skulpturelle objekt i stein, stål, tre, bronse og granitt av Wenche Gulbransen, Erlend Helge Leirdal og Bjørn Melbye Gulliksen.

Uten tittel, Erlend Helge Leirdal. Fotograf: Cathrine Wang / KORO

Om prosjektet

Dragvoll husar i dag Det humanistiske fakultet og Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing ved NTNU. Bygningsmassen består i hovudsak av eitt stort bygg, som igjen består av fleire mindre bygg. Da kunstprosjektet på Dragvoll skulle utviklast, var det eit mål for både arkitektane og kunstnarane å skape harmoni mellom kunstverka og bygningane. Dragvoll II er teikna av Per Knudsen Arkitektkontor AS.

Wenche Gulbransen har tilverka relieffet Aksonometri på veggane i Auditorium D10 ut mot den glasdekte gata. Verket består av finslipte steinplater i lys granitt med eit kvadratisk bronserelieff i kvart hovudfelt. I tillegg til Aksonometri står Gulbransen bak ei markering av midtpunktet i gatekrysset med eit arbeid lagt ned i teglplatene i golvet.

Erlend Helge Leirdal har produsert eit tredelt kunstprosjekt til Auditorium D10. Prosjektet, som er utan tittel, består av to seriar med skulpturelle objekt – tredimensjonale, organiske former hogne av bjørkestammer – montert i åtskilte grupper på langveggane i salen, i tillegg til ein talarstol og eit kateter plassert framme i salen. Alle objekta er av massiv bjørk.

Bjørn Melbye Gulliksen har produsert eit skulpturprosjekt som er plassert i aksekrysset i skråninga opp mot Dragvoll gård. Hovuddelen av skulpturprosjektet er plassert på ein bakketopp og består av det Gulliksen kallar ein talarstol i stein og stål. I ei prosjektskildring av verket skriv arkitekt Per Knudsen Arkitektkontor AS/Bjørn Melbye Gulliksen: «Skulpturar i stein som viser til klassiske og andre tradisjonar (Stonehenge, antikken, gotikken), med spenning i motsetnadene mellom rått tilhogne og polerte flater og mellom materiale og figurar (draperi hogne i stein).» Dei to andre delane av skulpturprosjektet, som er utforma i samarbeid med landskapsarkitekt Bjarne Aasen, består av ei lang vassrenne av stein der vatnet blir tilført gjennom ei steinkrukke og ein skulpturell detalj på ein stein ved eit planta område i uterommet.

Detaljer

Adresse

Edvard Bulls veg 1, 7491 Trondheim

Fylke

Kunstnere

Wenke Gulbransen
Erlend Helge Leirdal
Bjørn Melbye Gulliksen

Ferdigstilt dato

30.11.1994

Prosjektansvarlig

Egil Sinding-Larsen

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Lars Erik Karlsen
Jorun Kraft Mo

Arkitektkontor

Per Knudsen Arkitektkontor AS

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk