![](https://koro.no/content/uploads/2019/04/Isdykking.jpg)
Aktuelt
Tildelingane frå Lokalsamfunnsordninga 2019 er klare!
Eit kunstprosjekt under vatn, eit minnesmerke for tvangsevakuerte og eit samansveisande bransjetreff. Dette er tre av i alt 31 kunstprosjekt som får støtte frå den nye ordninga til KORO.
![](https://koro.no/content/uploads/2019/04/hvor-har-jeg-vert_Stjørdal1.jpg)
Graffiti ved innkjørselen til Stjørdal taler for seg. Stjørdal er tidlegare blitt kåra til ein av dei kjedelegaste stadene i Noreg. Kva skal til for at Stjørdal blir ein mangfaldig og interessant stad? Nå vil Stjørdal kommune jobbe for å implementere handlingsplanar for kunst. Kan kunsten vi etablerer i dag skape ei interesse for å forstå tida vi lever i? Kan den vere identitetsskapande for staden? Kunstprosjektet «Hvor har jeg vert i hele mitt liv» får eit tilskot på 400 000 kroner frå KORO. Foto: Stjørdal kommune.
![](https://koro.no/content/uploads/2019/04/Ormsund-Sjøområde-1024x728.jpg)
Ved Ormsund sjøområde i Oslo er det store planar – men dei er ikkje synlege på overflata. Kunstprosjektet «Under/sjø» vil etablere eit nytt offentleg kunstrom under vassflata, og får 500 000 kroner i støtte frå KORO. Illustrasjon: Urban Living Laboratory.
![](https://koro.no/content/uploads/2019/04/Kino_vaksdal-2.jpg)
Ein ny trasé for veg og bane mellom Arna og Voss kjem til å endre Vaksdal kommune drastisk. Kva kan ein kommune gjere for å få alle lag av befolkninga til å delta aktivt i slike saker? Ein treng i alle fall meir enn lukka kommunestyrerom. Prosjektet «Nye fortsettelser» har eit mål om å nå nye grupper, skape ein arena for alternativ medverknad og etablere nye samlingsplassar. For å lage ein slik plass er mellom andre kunstnaren Andreas Angelidakis invitert til å skape ein funksjonell, men også symbolsk arkitektur i første etasje av Vaksdal senter. Der kan alle som ønsker det, vise film, ytre seg, arrangere møter og diskusjonar, men plassen skal også fungere som ein stad å opphalde seg. (Innhaldet i denne teksten er henta frå søknaden.) Kunstprosjektet «Nye fortsettelser» får 300 000 kroner i støtte frå KORO. Foto: Anne Szefer Karlsen.
![](https://koro.no/content/uploads/2019/04/forkle-vaksdal2.jpg)
Kunstnaren Ciara Phillips er kjend for sine trykkeworkshops, og til hausten blir det arrangert grafikkverkstader med befolkninga i Vaksdal. Her får «digitale medborgarar» høve til å skape bilde på ein meir analog måte, samtidig som dei diskuterer kva det vil seie å ytre seg i offentlegheita, og kva som skal skje i den. Trykkeworkshopen er ein del av kunstprosjektet «Nye fortsettelser», som blir støtta av KORO si Lokalsamfunnsordning. (Innhaldet i denne teksten er henta frå søknaden.) Foto: Anne Szefer Karlsen.