Hilde Skancke Pedersen fekk støtte i 2024 til eit kunstprosjekt som set søkjelys på strukturelle overgrep frå storsamfunnet mot samisk befolkning og kultur, og på vald og overgrep internt i samiske samfunn. Prosjektet er eit samarbeid med SANKS, kompetansesenteret for psykiatri i Karasjok. Biletet viser ein samisk vevnad øydelagd i ein påsett brann. Foto: Hilde Skancke Pedersen
Aktuelt

247 har søkt om LOK-midlar i 2025

KORO har fått heile 247 søknader om midlar til å jobbe med kunst i offentlege rom gjennom lokalsamfunnsordninga (LOK) til KORO.

Kurator i KORO og utvalsleiar for LOK Truls Ramberg er godt nøgd med søknadstilfanget.

– Det er mange og gode søkjarar, seier han. Vi hadde rekord med 290 søkjarar i fjor, men tidlegare år har talet vore på rundt 200. Det er fint å sjå at så mange har lyst til å jobbe med kunst i offentlege rom.

Målet med LOK-ordninga er å stimulere til utvikling, produksjon og formidling av kunst i offentlege rom over heile landet. Gjennom den søkbare tilskotsordninga ønskjer KORO å styrkje samarbeidet med kunst- og kunstnarmiljø i regionar, kommunar og fylkeskommunar. Det kan søkjast om både prosjektstøtte og produksjonsbistand.

Søknadsfristen i år var 30. januar. Av dei 247 søknadene, er 44 frå kommunar eller fylkeskommunar. Hovudvekta av søknadene er altså frå kunstnarar og kuratorar.

14 søknader er frå organisasjonar eller stiftingar, desse kan berre søkje om kunnskapsutviklings- og kompetansehevingstiltak.

Til saman er det søkt om kr. 71 102 639 i støtte. Potten er på 13 millionar kroner.

Lista over tilskot blir kunngjort onsdag 21. mars.

– No jobbar vi intenst med å vurdere og behandle alle søknadene, seier Truls Ramberg, kurator og utvalsleiar for LOK i KORO. Foto: Niklas Hart

To utval vurderer søknadene

Utvala skal sikre breidd i kunstprosjekta, høg kvalitet, og ei best mogleg geografisk spreiing. Begge utvala består av to eksterne og tre interne frå KORO.

Komiteen for LOK kunstnarar og kuratorar består av:

Sanjey Sureshkumar (ekstern), Hedda Bremseth (ekstern), Bo Krister Wallström (kurator og produsent, KORO), Ana María Bresciani (kurator, KORO) og Truls Ramberg (kurator, KORO).

Komiteen for LOK kommunar består av:

Marie Nerland (ekstern), Ingeborg Annie Lindahl (ekstern), Elise Cosme da Silva Hoedemakers (prosjektleiar, KORO), Bo Krister Wallström (kurator og produsent, KORO) og Truls Ramberg (kurator, KORO).

Les meir om LOK-ordninga her

Hedda Kristine Bremseth fekk støtte i 2023 til prosjektet sitt Kvifor knuser folk busskur? På heimstaden sin, Stjørdal i Trøndelag, utviklar ho eit nytt «hangout» for ungdommen ved å plassere eit busskur på torget. Bremseth vil aktivere skuret saman med ungdommane i ulike kunstprosjekt. Foto: Tobias Liljedahl.