Marthe Ramm Fortun, Vi skal ikke lage lærebøker, 2025. Foto: Kristine Jakobsen.
,

Vi skal ikke lage lærebøker, ein performance av Marthe Ramm Fortun

KORO og Universitetsmuseet i Bergen har gleda av å invitera til performance med Marthe Ramm Fortun, tysdag 19. mai kl. 16.30.

Marthe Ramm Fortun har skapt ein unik, tiårig performance-syklus spesielt for Universitetsmuseet i Bergen, med éin årleg performance fram til 2028. Prosjektet starta i 2019, og dei årlege møta dannar ei historisk rekkje av særeigne og viktige opplevingar. No kan me møtast for åttande gong!

Performance-syklusen er ein del av kunstprosjekt Minervas stemme, kuratert av Marit Paasche for KORO til Universitetsmuseet i Bergen. Bidraget til Ramm Fortun består óg av to fotografiske seriar, som er monterte i  første, andre og tredje etasje i museet. Dei har tittelen Vi skal ikke lage lærebøker. Det andre bidraget til Minervas stemme er av Mattias Härenstam, og består av to store skulpturar monterte i den første etasjen i museet.

Kvar årlege performance blir dokumentert med eit fotografi, og desse bileta vil etter kvart fylla det som starta som ti tomme rammer utanfor tårnsalen i Universitetsmuseet.

Tid og stad

Tid: Tysdag 19. mai, kl. 16.30

Stad: Universitetsmuseet i Bergen, Muséplassen 3. Møt opp ved hovudinngang fem minutt før, det vil seia kl. 16.25. Det er viktig at du er presis, då performancen startar nøyaktig 16:30. Arrangementet er gratis og tilgjengeleg for alle, men det er avgrensa med plassar.

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk