Korleis Hans Ragnar Mathisen har jobba med distribusjon av eigen kunst i det offentlege rom var tema for ei av masteroppgavane som fekk stipend frå KORO i 2025. Hans Ragnar Mathisen: Romssa fylka (1990). Foto: Vegard Kleven / KORO.

Søk masterstipend frå KORO

KORO ønskjer å stimulere til auka forsking på problemstillingar knytt til kunst i offentlege rom, og lyser ut fire masterstipend, på 60 000 kroner kvar.

Kva er mogleg å få til, og kva problem kan oppstå når kunst blir realisert i offentlege bygg og stader? Kunst i offentlege rom møter eit breitt og variert publikum, og ofte andre enn besøkande til museum, galleri og liknande kunstinstitusjonar. Dette ser ein både i produksjon, formidling og forvaltning av den offentlege kunsten. Kunstnarar vil møte andre arbeidstilhøve og krav når dei utfører denne typen oppdrag. Dette er berre nokre døme på perspektiv som kan belysast i masteroppgåvene.

Krav til studenten/søkjar:

  1. Søkjar må leggje ved dokumentert opptak til relevant MA-studium som kunsthistorie, estetikk, kunstteori, konservering, formidling, kuratering, arkitektur, duodji, og planlegging.
  2. Studenten må skrive ei masteroppgåve som er relevant for fagfeltet kunst i offentlege rom. Det kan vere tema og problemstillingar som omfattar kunst som er i offentlege rom eller kunst som gjeld det offentlege rommet, men det er ikkje krav om at studenten skriv om KORO-prosjekt. 
  3. Studenten skal vere teken opp på eit MA-program som omfattar å skrive ei MA-oppgåve på minimum 30 studiepoeng. Studentane kan ikkje ha levert MA-oppgåve på tidspunktet stipendet blir motteke.

Vidare er det og ønskjeleg at kandidatane:

Legg ved tilråding frå rettleiar eller annan fagperson.

Det er ønskjeleg at mottakarar av stipenda leverer ein fagartikkel eller eit kort intervju til KORO sine nettsider etter at oppgåva er levert og godkjend. Dette blir avtalt i kvart enkelt tilfelle.

KORO tilbyr

  1. Fire stipend på 60 000 kroner.
  2. Tilgang til arkivet til KORO og kjeldemateriale etter nærare avtale. Vi gjer merksame på at arkiv og kjeldemateriale hovudsakleg er på norsk/andre skandinaviske språk.
  3. Høve til rådgiving og samtalar med relevante fagpersonar frå kunstseksjonen, seksjon for kunstforvaltning eller seksjon for formidling i KORO.

Alle søknader som fyller kriteria ovanfor, vil bli vurdert.

Vurderinga blir gjennomført av eit utval av tre fagpersonar i KORO, og dessutan representant(-ar) frå relevante utdanningsinstitusjonar.

Søknad med presentasjon av oppgåve (maks 1 A4-side), dokumentasjon av opptak til MA-studium, og evt. anbefalingsbrev skal sendast til KORO innan 15.10.2026, på e-post merka «Masterstipend» til post@koro.no

For nærare informasjon om stipendet eller søknad, kontakt kurator formidling i KORO Ann-Lisbeth Hemmingsen alh (at) koro.no

Om KORO (Kunst i offentlege rom)

KORO produserer og finansierer kunst i offentlege rom over heile Noreg og ved norske konsulat og ambassadar i utlandet. Vi forvaltar og formidlar ei stor samling av kunstverk over heile landet. I tillegg har KORO oppgåver som nasjonalt kunnskapssenter innanfor eige fagfelt.  

Det kulturpolitiske oppdrag til KORO er å sikre at flest mogleg møter eit mangfald av kunst av høg kvalitet i offentlege bygg og på andre offentlege stader. Arbeidet til KORO skal òg bidra til å utvikle samtidskunsten og til å gi kunstnarane oppdrag og inntekter. Den faglege verksemda er underlagt prinsippet om armlengds avstand.    

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk