Akershus festning, kommandantboligen

Sett fra Kommandantbygningen heiter eit av fotografia Morten Andenæs (NO) har laga til kommandantboligen på Akershus. På avstand, som filma gjennom eit overvakingskamera, ser vi ein ung mann på plassen ved nasjonalmonumentet for ofra for andre verdskrigen. Vi blir usikre: Er mannen ein tilfeldig forbipasserande eller ein potensiell trussel?

Korridor, Ledelsesbygget, Akershus, Morten Andenæs. Fotograf: Morten Andenæs

Om prosjektet

Kommandantboligen på Akershus festning er frå 1844, og blir rekna som eit av hovudverka innan romantisk arkitektur i Noreg. Sidan tusenårsskiftet har festninga vore gjennom ei stor restaurering, og i dag held Forsvaret si avdeling for kultur og tradisjon (FAKT) til her. Avdelinga har som oppgåve å ta vare på ein viktig del av historia til Forsvaret, den store samlinga av gjenstandar som faner, flagg, uniformer, køyretøy og våpen. Bygget stod ferdig restaurert i 2013, og det har vore eit ynske å få samtidskunst inn i dei ærverdige, gamle lokala.

Sidan 2007 har Morten Andenæs arbeidd med prosjektet Regarding the Middle Class, kor han mellom anna har undersøkt korleis arkitektur aktivt blir brukt for å fremme bestemte verdiar. Til kommandantboligen har Andenæs laga tolv fotografi, dei fleste bilete av ulike våpen henta frå samlinga.

Våpna han har valt ut, er ein type våpen som framleis er i bruk eller på annan måte opplevast som relevant også i våre dagar, som til dømes ein kalasjnikov. Fotografia er presise, tilsynelatande svært verkelegheitsnære, og vekkjer både nysgjerrigheit og ubehag i tilskodaren. Andenæs har i fleire av bileta fotografert våpna på ein måte som kan likne måten Forsvaret sjølv gjer det til katalogsidene sine.

Det største biletet heng i møterommet i tredje etasje og har tittelen Korridor, Ledelsesbygget. Den sentrale plasseringa i møterommet og storleiken på fotografiet skapar ein illusjon av ein fysisk portal inn til området kor leiinga held til, samtidig som gjenskinet i glaset skapar ei førestilling om noko ugjennomtrengjeleg. Slik blir fotografiet eit uttrykk for noko mange assosierer med det norske forsvaret; på den eine sida ynskjer dei å verke tilgjengelege, på den andre sida er mykje av verksemda deira – òg sjølve kommandantboligen – prega av løyndom.

Detaljer

Fylke

Oslo

Kunstner

Morten Andenæs

Ferdigstilt dato

01.03.2014

Prosjektansvarlig

, (fra 2014)
Ruth Hege Halstensen
Mette Kvandal

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Hans Thorsen
Laila Haugan , (2011 - 2013)

Byggherre

Forsvarsbygg

Mottakerinstans

Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon (FAKT)

Arkitektkontor

Dyrvik Arkitekter AS

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Ikke tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk

Milepæler

22.03.2011


Oppstart

22.11.2013


Ferdigstillelse