Tamrat Gezahegne samla i løpet av opphaldet på Campus Kronstad hausten 2016 en heil del skrot frå den tidligare plantefeltet til NSB: rustne skjener, rester av porselen og terrakottapotter, metall, mykje plastikk og anna skrap. Alt dette materialet, som har kvilt i jorda dei siste åra, skal no omskapas til nye formar i lag med studentar på HVL og born frå ein barnehage.
Prosjektet skjer i samarbeid med Gro Merete Eide frå HVL. Tamrat vil arbeide med studentane ei veke i starten av april. Resultata skal gjerast tilgjengeleg som synlege spor etter skapande virke.
Tamrat arbeider òg vidare med økologen Benedicte Brun i omskapinga av den tidligare skrotskogen til ein matskog, eit arbeid som inkluderer nabolagets born og organisasjonen Bærekraftig liv. Matskogen vil vekse utover sommaren og sakte transformere eit vanskeleg tilgjengeleg område til ein attraktivt plass å opphalde seg.