Vågestykke #7 The Communement

Gabriel Johann Kvendseth

 

Om

Med verket The Communement inviterte kunstnar Gabriel Johann Kvendseth alle som ville til å vere med og forme ei blokk kleberstein i foajéhagen på campus. Steinen, ei råblokk på halvtanna tonn henta frå Gullfjellet i Bergen, blei rissa, hogd og hakka, slipt og pussa som kvar og ein lysta. Kvendseth plasserte eit skåp med verktøy og reiskap i nærleiken, og ein steinhoggarmeister gav ei kort innføring i steinhogging. Ideala (frå Humboldt) om ansvar for eiga læring gjennom fri utfalding og utforsking er ei referanse for kunstverket. Kunnskap blir gjort om til praksis gjennom prøving og feiling. Der blir den ståande gjennom april og mai, tilgjengeleg for alle som vil vere med å utvikle den vidare.

Tittelen er ei samanstilling av orda ”come on – cooperative – common – community – monument”, samtidig som det drar veksle på ”.com”-omgrepet. Verket er tenkt som eit mellombels monment, noko flyktig; i klar kontrast til den gjengse oppfatninga av eit monument som noko permanent og som markering av eit bestemt minne, ei føreseieleg form.

Det Humboldtske ideal om ansvar for eiga læring gjennom å utfalde seg fritt og fri utforsking er ein referanse for verket, kunnskap som blir danna om til praksis gjennom prøving og feiling. Klebersteinblokka vil stå i Foajéhagen i to månader – eller til den forsvinn mellom dei verksame hendene våre.

Se video på Facebook her og her.

Kunstnarar som bidreg:
25. april kl 11: Anne Marthe Dyvi
26. april kl 13: Sveinung Rudjord Unneland
2. mai kl 11: Kamilla Sajetz Mathisen
11. mai kl 11: Øyvind Mellbye
22. mai kl 12: Arvid J. Pettersen

Detaljer

Datering

2017

Kunstner

Gabriel Johann Kvendseth

Kategori

Uterom, Installasjon, Workshop, Interaktiv kunst, Temporært

Teknikk og materiale

Steinhogging

Mål


Varighet: 29. mars –12. april 2017
Minikurs i steinhogging: 29. mars kl. 11.00

Nettside

Gabriel Johann Kvendseth