ToE, Teorien om Alt

Anne Knutsdatter Wille

 

Om

Utgangspunktet for kunstverket er eit stort måleri på lerret, som er blitt forstørra og overført til folie på glas. Dei sterke og klare fargefelta i blått, gult og grønt er bakgrunnen for enkelte former og mønster som kan minne om noko vi kjenner igjen. Er det eit stjernebilde vi ser midt på? Førestiller den eine forma eit hjarte? Vi får inga forklaring på korleis vi skal forstå det vi ser. Kunstnaren inviterer oss i staden til å danne forteljingar og undre oss over alt som er i verda.

Anne Knutsdatter Wille (f. 1958) har også laga glasmåleriet Barn som helter – helter som barn ved hovudinngangen og på glasveggen mot bassengrommet. Wille jobbar hovudsakleg med måleri og teikning.

Detaljer

Datering

2023

Kunstner

Anne Knutsdatter Wille

Kategori

Uterom, Digital print, Glassvegg

Teknikk og materiale

Folie på glassplater

Mål


Høyde: 293cm
Bredde (totalmål): 913.9cm
Bredde (enkel glassplate): 159.5cm
Bredde (enkel glassplate): 234.5cm
Bredde (enkel glassplate): 232cm
Bredde (enkel glassplate): 68.4cm
Bredde (enkel glassplate): 219.5cm

Reference

KORO.008106