The square that dreamt to be a circle

Arek Kouyoumdjian

Om

Tre kartprojeksjonar ligg til grunn for mønstra til dei keramiske flisene på søylene: Gall–Peters-projeksjonen, Mercator-projeksjonen og den ekvirektangulære projeksjonen. Desse kartprojeksjonane overfører den tredimensjonale, krumme overflata til jordkloden til eit todimensjonalt kart, noko som fører til at forma, størrelsen, avstanden eller retninga blir forvrengd. Forenklinga skaper avvik som kan gjerast synlege gjennom ei anna geometrisk form: sirkelen. Handbroderte sirklar og ovale former ser ein i tekstila rundt dei andre søylene i rommet. Forma viser til Tissots indikatriks, ein metode der sirklar blir strekte til ovalar avhengig av avviket i kartprojeksjonane. Forvrenginga kan også flyttast frå geometrien til språket. På engelsk kallar ein «firkant» for «square», eit ord som også betyr «torg» – ein stad for møter og fellesskap.

Detaljer

Datering

2026

Kunstner

Arek Kouyoumdjian

Kategori

Fliselegging, Installasjon, Keramikk, Porselensmaling, Rominstallasjon

Teknikk og materiale

Porselen og keramiske fliser

Mål


Antall søyler: 3
Høyde: 215cm
Diameter: 40cm

Reference

KORO.009330

Lukk