Perler

 

Om

Viss du leitar, finn du til saman elleve skulpturar ute i hagane mellom Glasblokkane. Skulpturane kan minne om eit øydelagt halsband der perlene har rulla i ulike retningar og dukkar opp på stader der du minst ventar det. Menneske har til alle tider og over heile verda brukt perler til å dekorere seg sjølve, kleda eller omgivnadene sine, eller til å leike med. Dette har kunstnarane brukt som inspirasjon for kunstverka til Haukeland. Perlene er laga i materiale som stål, marmor og stein.

Mari Røysamb (f. 1964) og Ole Rosén (f. 1958) lagar kunst både saman og kvar for seg. Kunsten deira, små objekt som er omskapte til å bli kjempestore, vekker undring og nysgjerrigheit.

Detaljer

Datering

2017

Kategori

Uterom, Skulptur, Metall, Formbøying, Polering

Teknikk og materiale

Håndformet, høyglanspolert syrefast rustfritt stål

Mål


Diameter: 85cm

Reference

KORO.007062