Mardøla blues

Egil Storeide

 

Om

Kunstnarkollektivet GRAS produserte politiske silketrykk i eit fellesverksted i Oslo tidleg på 1970-talet, og såg det som ei sentral målsetjing å nå ut til eit publikum utanfor galleriverda. For å oppfylle denne ambisjonen distribuerte dei kunsten sin ut til folket ved å trykke opp ei mengde plakatar av kvart trykk. Ikkje minst fekk dette betydning for dei mest politiske bileta, med adresse til EEC(EU)-kampen og mot USA si krigføring i Vietnam. 

Mardøla Blues av Egil Storeide kommenterer kampen mot kraftutbyggarane som skulle temme det storslagne fossefallet i 1970. Desse interessemotsetningane får ein ekstra tankevekkande resonans innanfor ei ramme som Vemork.

Detaljer

Datering

1970

Kunstner

Egil Storeide

Kategori

Grafikk

Teknikk og materiale

Silketrykk på papir

Mål


Bredde: 65cm
Høyde: 98cm

Reference

KORO.006395