Med forankring i datamaskinens digitale fargepalett har Johnsen skapt eit immaterielt kunstverk i tradisjonen som gjerne blir kalla «colorfield». Generert frå eit dataprogram blir golvet i atriet fargesett i eit stadig vekselspel av fargeplan. jølve atriegolvet står på denne måten nær relasjon til den lange tradisjonen for det momonkrome måleriet, men med den forskjellen at «måleriet» her går gjennom eit dynamisk forløp. Lysbølgjene som blir sende gjennom glassflata i golvet, skapar ein omskifteleg atmosfære i bibliotekrommet med dei poengterte fargeskifta. Man skal kunne gå inn i glasskassen å være i lyset, i tillegg til å se det fra biblioteket. Lysgulvet dekkes av snø om vinteren, og lyset vil antagelig kunne sees ovenfra når det er mørkt.