Korpus

Edith Lundebrekke

 

Om

Dei bølgande søylerekkene på forplassen dannar ei heil skulpturgruppe. Kvar skulptur etterliknar forma til og er oppkalla etter matematiske og geometriske fenomen som finst i både naturen og menneskekroppen. For eksempel betyr korpus kropp. Sinus, eit ord som mange kjenner frå mattetimane, er også det latinske namnet på biholene våre. Fibonacci er ein matematisk sekvens som finst over alt i naturen, oppkalla etter italienaren som gjorde oppdaginga.

Edith Lundebrekke (f. 1959) har laga fleire store offentlege kunstverk, mellom anna installasjonar, skulpturar og heile fasadar på bygningar.

Detaljer

Datering

2022

Kunstner

Edith Lundebrekke

Kategori

Uterom, Metall, Eloksering, Pulverlakkering

Teknikk og materiale

Eloksert aluminium og pulverlakkerte aluminiumsplater

Mål


Antall søyler: 57stk
Høyde: 300cm
Bredde (enkelt søyle): 10cm
Bredde (mellom hver søyle): 20cm
Dybde: 5cm

Reference

KORO.008542