Folkets kunst?

Morten Krogh

 

Om

Kunstnarkollektivet GRAS produserte politiske silketrykk i eit fellesverksted i Oslo tidleg på 1970-talet, og såg det som ei sentral målsetjing å nå ut til eit publikum utanfor galleriverda. For å oppfylle denne ambisjonen distribuerte dei kunsten sin ut til folket ved å trykke opp ei mengde plakatar av kvart trykk. Ikkje minst fekk dette betydning for dei mest politiske bileta, med adresse til EEC(EU)-kampen og mot USA si krigføring i Vietnam.

Trykket til Morten Krohg viser Harry Fett (industrieigar, kunsthistorikar og Noregs første riksantikvar), som fargeblussande og dresskledd held ei forelesing om eit portrett av ein renessansefyrste for ei gruppe arbeidarar med lua i handa. Krohg sin kritiske brodd var spesielt retta mot den av Fett grunnlagde organisasjonen Kunst på arbeidsplassen. I GRAS-gruppa sine augo sto denne som motpolen til deira eigen strategi.

Detaljer

Datering

1972

Kunstner

Morten Krogh

Kategori

Grafikk

Teknikk og materiale

Silketrykk på papir

Mål


Bredde: 78cm
Høyde: 67cm

Reference

KORO.006397