Bølge, blomst og sammenvevde bånd

Hilde Hauan Johnsen

 

Om

Naturen blir trekt inn i parkeringsanlegget for å gi lys og varme. Kunstnaren har tenkt at også denne staden treng å vere knytt til funksjonen til bygget, som er å gi omsorg og tryggleik. Treet som verket er laga av, er eit levande materiale, og lys er livgivande. Bjørkefineren er forma som bølger, blomar og band, og er lyst opp innanfrå slik at strukturen og den naturlege fargen til skulpturen blir framheva. Verket er også lyst opp utanfrå, noko som framhevar formene som strekker seg langs veggane og ved inngangsdøra.

Hilde Hauan Johnsen (f. 1953) er biletkunstnar og scenograf og arbeider ofte med installasjonar med fiberoptikk og lyd, utført i tradisjonelle veveteknikkar.

Detaljer

Datering

2024

Kunstner

Hilde Hauan Johnsen

Kategori

Installasjon, Vegginstallasjon, Trearbeid, Metall, Formbøying

Teknikk og materiale

Sammenvevde bjørkefinérbånd og LED lys

Mål


Høyde: 20 - 50cm
Bredde: 17.5m.
Høyde (enkelt bånd): 12cm.
Bredde (enkelt bånd): 280cm.
Antall bånd: 34stk.
Dybde: 15cm.

Reference

KORO.008559