Kunstprosjekta i det nye regjeringskvartalet har vore særs viktige for KORO i 2024. Her arbeider Jumana Manna med det 800 kvadratmeter store bygolvet i ei låve i Lier. Verket er no under montering i regjeringskvartalet. Foto: Niklas Hart.
Aktuelt

KOROs årsrapport 2024 er klar

Årsrapporten til KORO for 2024 er klar! Rapporten vår viser ei verksemd i god driv, og med stor og omfattande fagleg aktivitet innan kunstproduksjon, forvalting, formidling og kunnskapsarbeid.

Kva gjorde KORO i 2024?

Ved utgangen av 2024 hadde KORO 64 prosjekt under arbeid. Fleire av desse omfattar kunst til store og komplekse byggjeprosjekt som går over fleire år. Kunstprosjektet i det nye regjeringskvartalet er i ein særklasse, og er det største offentlege kunstprosjektet i noregshistoria. Arbeidet med ny nasjonal minnestad etter 22. juli har òg vore eit særs viktig arbeid i 2024, med høge krav til forankring, medverknad og transparens.

I 2024 har vi hatt 155 kunstnarar i arbeid, over 30 eksterne kuratorar i sving over heile landet, og ein stab på 27 tilsette på kontoret i Oslo. Omsettinga til KORO var i 2024 for første gong på over 100 millionar kroner.

KORO har i snart femti år bidrege til at folk over heile landet har tilgang til profesjonell kunst i offentlege rom. Samlinga er no på meir enn ni tusen verk på tusen ulike stader over heile landet og ved norske ambassadar i utlandet. Mange nye prosjekt resulterer i ein stor vekst i kunstsamlinga til KORO, noko som stiller store forventingar til forvalting i åra framover.

2024 var òg prega av lansering av KORO sin nye strategi for dei kommande fire åra, direktørskifte, og utgreiing av framtidig organisering av KORO. Talet på søknader til tilskotsordningane våre er aukande, og det er stor etterspurnad etter KORO sine tenester og kompetanse.

I august 2024 opna Čoarvemátta, det nye bygget til Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule og Samisk nasjonal teater Beaivváš i Kautokeino. Kunst som er djupt forankra i samisk verdsforståing og tradisjonskunnskap, var utgangspunktet for kunstprosjektet. Her ser vi Fredrik Prost sine tre verk Máttaráddjá, Beaivvášnieida og Meantaš monterte på søylene, og Sol og vind (1996) av Iver Jåks på veggen over trappa. Foto: Monica Milch Gebhardt / KORO.