KORO får i oppdrag å leie prosessen for ny minnestad etter 25. juni i Oslo sentrum. Her er ordførar i Oslo Anne Lindboe (t.v.), stortingspresident Masud Gharahkhani (nr. tre t.v.) og Espen Aleksander Evjenth (med krans) under minnemarkeringa på treårsdagen for terrorangrepet 25. juni 2022 i Rosenkrantz’ gate i Oslo. Foto: Cornelius Poppe / NTB
Aktuelt

KORO skal leie prosess for ny minnestad etter 25. juni 

25. Juni 2025, på treårsdagen for terrorangrepet på skeive som feira pride i Oslo sentrum, kunngjorde kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery at regjeringa ønskjer å etablere ein minnestad etter terrorangrepet.

– Minnestaden etter 25. juni skal vere ein stad for kollektiv sorg, refleksjon og motstand, og eit uttrykk for at fellesskapen står opp mot hat og vald, seier Jaffery i ei pressemelding. – Gjennom ein levande minnestad skal vi sørge for at samtalane om 25. juni held fram, også i framtida. 

KORO får oppdraget med å setje i gang ein prosess for å etablere minnestaden. Det skal skje i tett dialog med Støttegruppa 25. juni, Oslo kommune og andre interessentar. 

KOROs direktør, Øystein Strand, er glad for avgjerda til regjeringa, og ser fram til å gå i gang med arbeidet så snart det formelle oppdraget er motteke.

 – Terrorangrepet 25. juni var retta mot skeive som feira pride, men det gjeld oss alle. Skeive opplever mykje frykt og hets og kjenner framleis på utryggleik etter angrepet. Vi er glade for at regjeringa no har bestemt at det skal kome ein minnestad som kan bidra til å minnast dei som blei drepne og skadde, og til refleksjon over årsakene til og konsekvensane av angrepet, seier Strand.  

KORO har nettopp gjennomført ein omfattande prosess med konkurranse, forankring og kunnskapsutvikling til den nye minnestaden etter 22. juli. Her har KORO hatt tett dialog med etterlatne, overlevande og andre ramma – som alle er ufrivillige ekspertar på terror, konsekvensane av ekstremisme og minnearbeid. I arbeidet med denne minnestaden inviterte KORO (i fleire rundar) offentlegheita til å kome med innspel.  

Desse erfaringane vil KORO bygge vidare på når vi går i gang med minnestaden etter 25. juni.   

Støttegruppa fornøgd 

To personar blei drepne og ti alvorleg skadde under terrorskytinga mot folk som var på utestadane Per på Hjørnet og London Pub for å feire pride. Til saman hadde 312 personar status som fornærma då Zaniar Matapour stod for retten.  

Ifølgje NTB er Espen Evjenth, leiar for Støttegruppa 25. juni, nøgd med at det no kjem ein minnestad. Han blei sjølv treft i hovudet av ei av kulene til Matapour. 

– Vi er glade for at regjeringa tek ansvar her. Ein minnestad er eit klart og tydeleg svar på valden og hatet vi blei utsette for. Det er ein del av måten samfunnet markerer sympati med offera på. Det kan spele ulike roller, både som minnestad og ein stad for læring og refleksjon, seier Evjenth.