To av kunstnar Trine Hovden sine femti små menneskefigurar på HVL Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Miniskulpturane kan likne forskarar i måten dei utforskar og utfordrar omgjevnadene sine på. Foto: Pål Hoff
Aktuelt

Fire studentar får masterstipend frå KORO

Blant sju sterke søknadar er no fire masterstudentar valt ut til å få Masterstipend frå KORO. Studentane skal fordype seg i tema som på ulike vis omhandlar kunst i offentlege rom.

Stipendet på 50 000 kroner skal oppmode til meir akademisk forsking på kunst i offentlege rom. Stipendet er retta mot studentar på MA-studier som planlegg å skrive ei oppgåve innan til dømes kunsthistorie, estetikk, kunstteori, konservering, formidling, kuratering, duodji, eller urbanisme/byplanlegging.

Desse fire får kvart sitt stipend på 50 000 kr:

Hanna Langvæg går studieretninga Kuratering, kritikk og modernismens kulturarv ved kunsthistorie, Universitetet i Oslo. Ho skal lage ei utstilling og skrive et essay, og tematikken er Knut Rumohr og Annelise Knudtzons kunstnarskap i perioden 1950-1970.

Hilde Rosenberg Bamarni tar ein mastergrad i kunsthistorie ved UiT Noregs arktiske universitet i Tromsø og skal skrive om «Videokunst i offentlig rom – en underrepresentert kunstform».

Edwina Francis er masterstudent ved museologi og kulturarvstudier ved Universitet i Oslo og skal i masteroppgåva diskutere dei kulturpolitiske begrepa “offentleg” og “privat”, med utgangspunkt i den permanente lydinstallasjonen Dråpen (2001) av Arne Nordheim.

Ingunn Lien Gundersen tar ein master i kunsthistorie ved studieretninga Kuratering, kritikk, og modernismens kulturarv, Universitet i Oslo. Ho refererer til Siri Aurdal sine leikeskulpturar, og med tittelen “Skulptur i leikemiljø – rekonstruert og rekomponert” skal ho undersøke norske leikeskulpturar mellom 1960-1980. Det sentrale spørsmålet er: Kva for eit potensiale har leikeskulpturane som kunst i det offentlege rom?

Juryen besto av Hanne Hammer Stien, professor i kunsthistorie ved Kunstakademiet, UiT Noregs arktiske universitet, Ann-Lisbeth Hemmingsen (kurator formidling, KORO), Ingrid Skard Skomedal (seksjonsleiar for kunstforvaltning i KORO) og Trude Schjelderup Iversen (seniorkurator i kunstseksjonen, KORO).

Skomedal har vore leiar av seksjon for kunstforvaltning sidan mars 2024, og har tidlegare fått stipend frå KORO. Ho skreiv om tilnærmingar for bevaring av bygningsintegrert kunst i oppgåva In og ex situ- bygningsintegrert kunst i endret kontekst, som er eit relevant og aktuelt tema for fagfeltet offentleg kunst. – For meg blei stipendet frå KORO veldig motiverande for å kunne gjennomføre masterstudiet i arkitekturvern ved Aho i Oslo, ved sida av full jobb og travelt familieliv, seier ho.

Juryleiar og seniorkurator Trude Schjelderup Iversen seier at studentane vil kunne gje verdifulle perspektiv på nyare norsk kunsthistorie generelt og utsmykkingshistoria spesielt: – Det er framleis lite akademisk forsking på og skriving om den offentlege kunsten i Noreg. Difor har KORO etablert desse masterstipenda, for å oppmuntre studentar og vegleiarar ved universiteta og høgskulane til å undersøke nettopp dette fagfeltet, seier Schjelderup Iversen. – Det var sju sterke kandidatar i år, og vi håpar på enda fleire gode søknadar til neste år.

Neste søknadsfrist vil bli annonsert i løpet av våren 2025.