Kultur- og likestillingsdepartementet har lyst ut stillinga som direktør i KORO. Bildet viser Do Ho Suh, Grass Roots Square (detalj). Foto: Trond A. Isaksen

Direktørstilling hos KORO er lyst ut

Kultur- og likestillingsdepartementet har lyst ut stillinga som direktør i KORO. Stillinga er eit åremål på seks år, med moglegheit for fornying. Søknadsfristen er 11.12.25.

Departementet skriv mellom anna:

Til å leie verksemda søkjer vi ein kompetent og erfaren leiar som kan føre vidare og utvikle både oppgåvene og organisasjonen. Du skal mellom anna bidra til at kunsten er tilgjengeleg og relevant for publikum og medverke til at KORO hald fram med å vere eit viktig kompetansesenter for samtidskunst. 

Arbeidsoppgåver

  • leie KORO fagleg, administrativt og økonomisk 
  • fremje KORO sin posisjon og omdøme som fagorgan og rådgivar for departement og samarbeidspartnarar
  • organisere og utvikle arbeidet i verksemda på ein formålstenleg måte og i tråd med utviklinga på fagfeltet, KOROs strategi og i forvaltninga av statleg kulturpolitikk
  • sikre tverrfagleg samarbeid internt og sørgje for at tilgjengelege ressursar blir brukt på ein effektiv måte
  • sikre god kontakt og samarbeid mellom KORO og relevante offentlege og private aktørar, både nasjonalt og internasjonalt

Les flere aktueltsaker fra KORO

Var dette nyttig?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.

Lukk