Mute or unmute top video
Pause or play video

Digital omvisning frå Campus Bergen

Er du trøytt av å møte stengde museumsdører? KORO lagar kunst der folk er, men nett no er det mange av oss som sit mest heime. Bli med kurator Sissel Lillebostad på digital omvising i Bergen.

Ei veggteikning som strekk seg langs ein 60 meter lang underjordisk korridor, såpeboblar som blæs ut over myldresona kvart femte minutt, og ein mynt skoren inn i ein vegg er nokre av kunstverka på Campus Bergen på Kronstad, Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Åtte ulike kunstnarar har medverka med stadspesifikk kunst som nyttar det arkitektoniske spelerommet og er integrert i bygget i større eller mindre grad. Nokre verk krev stor visuell plass, andre er nær usynlege – inntil du får auge på dei.

Sissel Lillebostad har saman med Trond Hugo Haugen vore kuratorar for KORO på Campus Bergen.

Tekniske problem? Sjå omvisninga på Vimeo.