Luftballett? De to hanggliderpilotane var del av Margrethe Kolstad Brekkes omfattende prosjekt ved Høgskolen på Vestlandet. Vel nede venta en flash mob, ein gjeng ungarske ullgrisar og samtaler om fremtiden – i skrotskogen. Foto: Pål Hoff
Aktuelt

Mot til å våge

Offentleg kunst kan òg vere tidsavgrensa med ei klar avslutning, noko som ikkje lenger eksisterer anna enn som spor, minne og erfaring. Vågestykke, ein serie med kunstprosjekt gjennomført mellom 2016 og 2018 på Høgskulen på Vestlandet (HVL), hadde som målsetjing «å slå kilar inn i det daglege livet».

Vågestykke involverte ti kunstnarar, to hanggliderpilotar, ein kurator og i alt seksten kunstprosjekt som varte frå nokre minutt til fleire månader. Prosjektet var ei utforsking av kva kunst i offentlege rom kunne vere om ein lausreiv den frå arkitekturen, knytte den meir til det mellommenneskelege feltet og la inn tid som ein komponent. Men prosjektet handla òg om kva kunsten til Campus Bergen kunne vere lausriven frå høgskuleområdet, til dømes på andre campusar, i ein kunsthall i Bergen sentrum eller på internett.

Grisane kjem. Vågestykke tok mange former, men starta med fire grisar i ein skrotskog. Foto: Pål Hoff.

Ein vårdag i april 2016 flytta fire systrer av slaget ungarsk ullgris inn i eit lite skogholt – av kuratorene døypt Skrotskogen – i utkanten av Campus Bergen på Kronstad. Systrene, som ivrig kultiverte jorda, fekk æra av å opne Vågestykke. Skogholtet, eit tidlegare gartneri eigd av NSB, var eit villnis av vekstar. Under leiing av økologen Benedicte Brun vaks ein permakulturskog fram der nabolagsborn planta poteter, buskas og tre blei kappa på dugnad, og scenograf Øystein Nesheim innreidde med presenningsdukar og utekjøkken. All denne aktiviteten opna eit tidlegare avstengd område opp for nabolag og campus. Og potetene? Dei skulle takast opp i september og bli mat for deltakarane på Luftballett Framtidsforum, eit seminar om det grøne skiftet.

Luftballett! Så rart det enn høyrest ut, var dei ungarske ullgrisane òg ein viktig del av kunstverket Luftballett. Luftballett bestod av hanggliderdans og improvisasjonsmusikk, energiseminar og matlaging. Foto: Pål Hoff

I september 2016 kunne ein sjå ein hanggliderdans i lufta over Kronstad, framført med to pilotar, ein sopran og ein lyddesignar som improviserte og spelte saman med lyden av flygande venger. Framføringa var leia av Margrethe Kolstad Brekke, kunstnar, og Jon Gjerde, verdsmeister i akrobatisk hanggliding, og bygde på utviklinga innan feltet høgdevindkraft, ein teknologi som er under utforsking. På bakken gjennomførte studentar ein flashmob, ein koreografert massedans, ute og inne på campus.

Eit framtidsforum var òg ein del av Luftballett, det same var eit seminar i Skrotskogen med sentrale aktørar innan feltet fornybar energi. Seminaret fann stad nokre regnvåte dagar i september 2016. Målet var å løfte fram og diskutere spørsmål om korleis vi møter energibehovet på ein berekraftig måte.

Margrethe Kolstad Brekke laga òg podkastserien Radio Luftballett, der ho greip tak i ulike strøymingar innan det grøne skiftet. Podkasten blei utvikla i samarbeid med studentar på Climate Change Management, ein del av HVL i Sogndal.

Rundt bålet i Skrotskogen samla studentar og tilsette seg rundt eksterne gjestar for å delta i ein løysingorientert diskusjon leia av Ragnhild Freng Dale. Christian Høie var kokk.Foto: Pål Hoff

Vågestykke inneheldt òg ein såkalla AIR, som står for artist in residence. Tamrat Gezahegne, busett i Addis Abeba i Etiopia, var første kunstnar på arbeidsopphald på Kronstad hausten 2016. Gezahegne samla i løpet av opphaldet ein heil del skrot frå det tidlegare plantefeltet til NSB: rustne skjener, restar av porselen og terrakottapotter, metall, mykje plast og anna skrot. Alt dette materialet, som har kvilt i jorda dei siste åra, fekk våren 2017 nye former av studentar frå HVL og born frå ein lokal barnehage.

Verkstad med Tamrat Gezahegne, hausten 2017. Foto: Pål Hoff.

Tamrat Gezahegne kom tilbake til Kronstad med fleire permanente verk til eit nytt byggetrinn då Kronstad, K2, opna i 2020. Les meir om det her.

Skrot Tamrat Gezahegne hadde samla i Skrotskogen, fekk våren 2017 nye former av studentar frå HVL og born frå ein lokal barnehage. Foto: Pål Hoff.
Drit i det (dassen) var mellom anna ein tru kopi av ein utedo, komplett med eit portrett av kongeparet. Foto: Pål Hoff.

Drit i det var eit interaktivt verk av komponist Jostein Stalheim og biletkunstnar Jon Hoem. På nyåret 2017 blei studentar og tilsette inviterte til anonymt å dele hjartesukk om samanslåinga av tre høgskular til den nye Høgskulen på Vestlandet. Staden der dei skulle dele frustrasjonane sine, var ein kopi av ein gamal utedo. Hjartesukka blei samla i eit korverk framført på campus i mars 2017.

Foto: Pål Hoff

Kunstnarane utforska her korleis samanslåingar av arbeidsplassar påverkar kvardagen. Referansane kan sporast i det historiske klagekoret, som ein til dømes finn i det antikke teateret, ein stad der frustrasjonar over endringar som verkar inn på dagleglivet, kan luftast og uttrykkjast.

Høyrt det før? Det er ikkje berre på Høgskulen på Vestlandet ein har erfaring med samanslåingar. Her frå korverket til Jostein Stalheim, basert på innsamla hjartesukk. Partitur vist etter avtale med komponisten.
Film frå Kina. I den korte og intense filmen Freedom Farming pløyer Li Binyuan det arva jordstykket sitt gjennom å kaste kroppen, igjen og igjen, ned i vatnet som langsamt blir gjørme. Både som sorgarbeid og som ein måte å markere den generasjonsbaserte overføringa av eigedom på, peiker denne uuthaldelege prøva på dei skiftande verdiane land- og naturressursar – som reint vatn – har fått i Kina dei siste tiåra. Foto: Li Binyuan.

Filmprogrammet Film frå Kina samla elleve filmar, laga av like mange kunstnarar, til seks visningsdagar på Campus Bergen i februar 2017. HVL har eit formalisert samarbeid med fire kinesiske universitet, og programmet gav ein smakebit på kva denne kulturen har å by på. Framveksten av eit industrielt Kina har skjedd hurtig, og samfunnet står på mange vis i eit spenn mellom eit djupt forankra ruralt liv og ein snøgt veksande økonomi, noko som pregar mange av arbeida til kunstnarane.

Gabriel Johann Kvendseths The Communement stod i foajéhagen på Campus Bergen i nokre månader i 2017. Tittelen er ei samanstilling av orda come on, cooperative, common, community og monument, samtidig som den viser til .com-omgrepet. Alle kunne vere med og forme klebersteinen. Foto: Pål Hoff.

Med verket The Communement inviterte kunstnar Gabriel Johann Kvendseth alle som ville til å vere med og forme ei blokk kleberstein i foajéhagen på campus. Steinen, ei råblokk på halvtanna tonn henta frå Gullfjellet i Bergen, blei rissa, hogd og hakka, slipt og pussa som kvar og ein lysta. Kvendseth plasserte eit skåp med verktøy og reiskap i nærleiken, og ein steinhoggarmeister gav ei kort innføring i steinhogging. Ideala (frå Humboldt) om ansvar for eiga læring gjennom fri utfalding og utforsking er ei referanse for kunstverket. Kunnskap blir gjort om til praksis gjennom prøving og feiling.

Det tok litt tid, men kunstnar Cathrine Evelid fann det ho leitte etter med ultralydapparatet: hjarteslaga til brunskogsnigelen. Hjarteslaga, som kan kome opp i nesten hundre slag i minuttet, er musikk frå ein framand stad. Foto: Cathrine Evelid.

I november 2017 kunne ein lytte til Arion, eit lydverk av Cathrine Evelid, i den 60 meter lange korridoren mellom driftsavdelinga og garasjen i underetasjen på campus. Evelid fann, etter noko leiting, hjarteslaga til snigelen ved hjelp av ultralyd. Prosjektet handlar om brunskogsnigelen, Arion vulgaris, som står på lista til EU over framande arter som bør utryddast. Snigelen lever i ei sanseverd av lys, fukt og temperatur.

Sissel Lillebostad og Trond-Hugo Haugen har vore kuratorar for KOROs prosjekt ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen på Kronstad. Les meir, og sjå video, om dei meir permanente verka på høgskulen via lenke under.