Desse får KOROs masterstipend i 2022
Det er nå klart kven som får KOROs nyoppretta masterstipend for studentar som ønsker å skrive om problemstillingar kunsten møter i offentlege rom.
Av dei tolv studentane som søkte, er nå fire valt ut. Kvar student får eit stipend frå KORO på 50 000 kroner.
– Dei fire studentane som får stipend i år, leverte alle sterke søknader med problemstillingar som er relevante og nyskapande for fagfeltet, seier juryleiar og seniorkurator i KORO Trude Schjelderup Iversen.
Kunsten som blir oppført i offentlege rom, angår mange og når ut til store befolkningsgrupper. Gjennom opprettinga av fire masterstipend ønsker KORO å stimulere til akademisk forsking.
– Slik vil vi styrke samtalen om denne kunsten, seier Schjelderup Iversen, som er glad for at så mange søkte. – Dei tolv søknadene stadfestar at det er interesse frå mange relevante fagfelt for å skrive om og forske på problemstillingar kunsten møter når den blir oppført og finn stad i offentlege rom.
Saman med jurymedlemmene Satiness Eisele (KORO), Marte Danielsen Jølbo (KORO) og Kjetil Fallan (Kunsthistorie, Universitetet i Oslo) vurderte Schjelderup Iversen studentar frå fagmiljø over heile landet.
Desse har fått stipend:
Emilie Netskar er masterstudent ved Norges miljø-og biovitskaplege universitet, Fakultet for Landskap og samfunn, Institutt for Landskapsarkitektur. Ho skal skrive om kva for funksjonar eller verknader kunst har i landskapet.
Ingrid Skard Skomedal er utdanna konservator og tar ein vidareutdanningsmaster i arkitekturvern ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Ho er interessert i bevaring og gjenbruk av kunst i offentlege rom og ønsker å belyse problemstillingar knytt til kva som blir lagt vekt på i verneplanar og verdivurderingar, særleg ved endring av bruk av eller eigarforhold til bygningar.
Mariell Sjåstad Sørhaug er masterstudent i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen. Ho skal skrive om muralmåleriteknikken buon fresco og bruken av denne teknikken i norsk offentleg utsmykking. Ho tar utgangspunkt i den monumentale fresken En blå stasjon (2016) av Sverre Wyller (f. 1953) på Løren T-banestasjon i Oslo.
Trond Erik Olsen er masterstudent i visuell kultur ved Københavns Universitet. I lys av framveksten av Internet art ønsker Olsen å utfordre kva vi tenker om kunstens rolle som offentleg verk når den eksisterer virtuelt/ikkje-materielt. Korleis kan digital og ikkje-materiell kunst tenkast som ein del av ei kunstverd som utfordrar forståinga av kva offentlege rom kan vere?
Dette er KOROS masterstipend
- Fire stipend à 50 000 kroner utbetalt i to rundar. Den første halvparten blir utbetalt når studenten er vald ut, den andre halvparten når masteroppgåva er innlevert og godkjend ved lærestaden til studenten.
- Tilgang til KOROs arkiv.
- Tilgang til rådgiving og samtaler med relevante fagpersonar i KORO. Etter avtale med lærestaden til studenten kan KORO bidra med ein birettleiarfunksjon.