Signe Solberg sitt univers er prega av harde flater og skarpe kantar. Sjølv om ho som regel er iført verneklede på verkstaden, hender det at det går gale. – Eg har vore på legevakta mange gonger, men får skryt for fine kutt som er lette å sy. Foto: Niklas Hart
Intervju

På død og liv

Da Signe Solberg forstod kva Norsk helsearkiv eigentleg var for noko, innsåg ho at ho måtte få noko levande inn i bygget.

Det er jo eigentleg eit dødsarkiv, dette. Dei som jobbar her, skal lese om døden, seier Signe Solberg.

Norsk helsearkiv på Tynset er staden der alle norske pasientjournalar skal bli digitalisert. Her skal kartongar bli opna, mapper bli bretta ut, og blekk på papir skal omsetjast til bits og bytes. Dei fysiske journalane blir anten kasserte eller lagra i eit anlegg i Mo i Rana.

I kunstplanen kunne Signe lese at KORO ønskte eit verk som nettopp kunne «reflektere over det teknologiske arbeidet som finn stad». Men ein annan tanke hadde allereie begynt å vekse i henne.

– Teknologi og digitalisering? Eg ante ikkje kva det kunne vere. Eg jobbar jo veldig basic. Alt eg gjer, er low-tech. Nei, det teknologiske har eg ikkje tenkt så mykje på. Eg var meir opptatt av kva informasjonen eigentleg handlar om. Sjukdommar og død. Derfor blei den primære tanken å få noko levande inn i bygget.

– Metall er også dødt?

– Mange tenker nok det, men etter å ha jobba med metall i mange år veit eg kva som finst i materialet, og korleis eg kan manipulere det. Og det er meir enn du skulle tru. Når noko set seg i overflata, et det seg innover, og det er den prosessen eg set i gang. Stål og koppar er liksom dødt og evigvarande, men slik er det jo ikkje. Også metall har ein energi, og ei drift. Dei følger berre ei anna tidsrekning.

Kunstverket Follow Rivers 1 består av 32 patinerte former av koppar i blå og grøne tonar og fire former i blankglødd rustfritt stål. Her er verket ferdig montert på veggen i det nybygde helsearkivet på Tynset. Foto: Werner Zellien
Den andre delen av installasjonen, Follow Rivers 2, er montert i vestibylen og består av fire patinerte former i cortenstål og tre former i rustfritt stål. Cortenstålet har fått patinaen sin frå saltvatn og nedbør. Foto: Werner Zellien

Tre valørar går igjen i Signe sine to verk på Tynset: blankpolert stål, rustent stål og patinert koppar. I det turkise og i det brune er forvitringa i gang, tvinga fram av Signe sjølv. Men nøyaktig korleis resultatet blir, veit ho aldri.

– Når eg lagar eit kunstverk på oppdrag, må forslaget godkjennast først. Slik er det ikkje når eg stiller ut i eit galleri. Men nå måtte eg fortelje alt eg visste før eg begynte. At kopparet skulle bli blågrønt, visste eg, men verken valørane eller strukturen har eg heilt kontroll over. Det er det som er så morosamt med patinering. Du kan få til noko skikkeleg kult éin gong, og så får du aldri til det same igjen.

Litt kontroll har ho, takka vere salt, salmiakk og ein rikhaldig garderobe med verneutstyr. Etter å ha kappa og knekt metallplatene slik ho ønsker, legg ho dei ut over golvet i verkstaden og sprayar på salmiakklakken. Slik kickstartar ho forvitringsprosessen. Slik blæs ho liv i materialet.

Før patinering: Etter å ha kappa og knekt metallplatene slik Signe ønsker, legg ho dei ut over golvet i verkstaden og sprayar på salmiakklakken. Foto: Signe Solberg.
Etter patinering: Slik ser metallet ut etter at forvitringa er i gang. No har det oppstått ulike valørar i farge og struktur. Foto: Signe Solberg.

– Eg dusjar metallet på nytt og på nytt, og nokre stader begynner det å renne. Da oppstår det teikningar der det har runne. Eg vil jo ikkje at overflata skal bli for jamn.

– Blei resultatet slik du forventa?

– Kopparet blei grønare enn eg såg for meg, eg trudde det skulle bli blåare. Men det viktige er at fargen fungerer mot betongveggen, at det er ein kald, men nærverande farge.

Det er alltid ei viss gambling i slike prosjekt.

Da metallplatene er kappa og knekte, og overflata patinert, reiser Signe og hjelparane hennar til Tynset for å montere bitane som skal bli sjølve verket. Korleis skal alt setjast saman?

Det er da Signe klør seg i hovudet.

– Kvifor var ikkje komposisjonen ferdig på førehand?

– Når eg jobbar med element som er nær min eigen fysiske størrelse, blir det endelege resultatet alltid annleis enn miniatyrmodellen. Derfor må komposisjonen tilpassast staden.

– Hadde du ingen plan?

– Eg hadde sett saman nokre element på golvet på verkstaden og tatt bilde av det. Det var ein konstellasjon av tre, fire element som eg syntest fungerte, og som gav meg noko å starte med. Elles er jo utgangspunktet strikt og rigid: Det er dei same vinklane på alle elementa. Men så skal eg bryte ut av systemet og forsøke å få eit meir organisk uttrykk i staden for det strenge, geometriske.

Når Signe jobbar fram den endelege komposisjonen, kjenner ho ikkje berre på eigne følelsar. Ho tenker på brukarane også. Korleis beveger dei seg? Kor sit dei? Kor går blikket deira? Foto: Hanne Cecilie Gulstad

 

Situasjonen er altså denne: Signe står framfor betongveggen på Tynset med ei mengd metallbitar i ulike størrelsar som skal setjast saman på den rette måten.

Det finst ingen fasit, men det finst følelsar.

– Dette er ikkje heilt lett å forklare, men eg får berre ein følelse av at noko er rett og at noko er feil. Eg trur eg forsøker å få til ein bevegelse i forma, og ikkje minst ei retning. Eg set saman former som utfordrar kvarandre litt, men som også spelar saman. Det er det som er så vanskeleg. Og så morosamt.

Veggen der hovudverket skal monterast, er 21,5 meter lang og nesten ti meter høg. Glastaket slusar inn dagslyset ovanfrå.

– Det var som å få eit lerret. Samtidig var det også nokre avgrensingar. Eg jobbar jo tredimensjonalt, men har gjort lite skulptur på vegg. Her kunne ikkje verket stå for mykje ut fordi rommet er såpass smalt. Derfor blir verket meir som eit relieff.

 

Follow Rivers 1 er montert på den monumentale betongveggen i korridoren i første etasje – også godt synleg frå andre etasje – og i vestibylen. I det 2500 kvadratmeter store bygget er det lagt vekt på reine materiale. Tre, betong og vindaugsflater dominerer. Foto: Werner Zellien

Når Signe jobbar fram den endelege komposisjonen, kjenner ho ikkje berre på eigne følelsar. Ho tenker på brukarane også. Korleis beveger dei seg? Kor sit dei? Kor går blikket deira? Sjølv er ho høgt og lågt, og betraktar moglegheitene frå alle tenkelege stader.

– Dette er ein stad med shuttletrafikk. Det finst også ein stad der ein et lunsj, og det er herifrå folk lèt blikket kvile lengst på verket. Men det er først i andre etasje at ein kjem verkeleg tett på det og kan studere patinaen på metallet.

Sakte, men sikkert finn elementa sin rette plass i Signe sitt puslespel. Men sjølv om bitane nå er fastmonterte, er verket på ingen måte statisk.

– Det er det som er fordelen med kunst der folk er i bevegelse. Perspektivet endrar seg. Og når sola kjem inn, kastar elementa skugge på kvarandre slik at uttrykket endrar seg på ny.

Akkurat dette kan ein lett sjå for seg. Men så seier Signe noko rart:

– Dei blanke elementa er med for å spegle dei blå, slik at det ser ut som om dei blå forsvinn i veggen. Det gjer at du får eit slags motsett perspektiv. Du må stå på den rette staden for å sjå det.

– Kor må eg stå for å forstå?

– Eg synest det er meir morosamt om folk oppdagar det sjølve. Det er det som er spennande med å jobbe abstrakt, at denne openheita finst, og at det stadig er mogleg å oppdage noko nytt. Det er viktig at det ikkje blir slik at når du har sett verket, så har du sett det. Eg vil at verket skal opplevast på ulike måtar avhengig av kor du står, og tidspunktet på dagen. Da fortel det noko om tida som har gått, frå du kom på jobb, til du går igjen. Det er den variasjonen eg ønsker. Viss folka som jobbar her blir lei, har eg mislykkast.

Signe gløymer nemleg ikkje utgangspunktet sitt:

– Verket skal kunne leve med dei som jobbar her.

Signe Solberg har gjort metall til sitt føretrekte materiale. – Det finst meir liv i metall enn folk trur, meiner ho. Foto: Niklas Hart

Gå til prosjektsida for Norsk helsearkiv

Signe Solberg (f. 1985)

Norsk skulptør, busett på Hobøl, Østfold.

Utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) i 2010, med mastergrad i kunstfag/metall.

Arbeider hovudsakeleg med metall, men også med teikning og skulptur i andre materiale. Formspråket er ofte geometrisk og abstrakt.

Har hatt utstillingar på Vigeland-museet i Oslo og Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal. Fleire av skulpturane hennar er laga til det nye sjukehuset i Kirkenes.

Har medlemskap i Norske Billedkunstnere (NBK) og Norsk Billedhoggerforening (NBF). Har mellom anna mottatt Anders Jahres juniorpris og Aust-Agder fylkeskommunes kunstnarstipend.