Marius Engh sitt verk i tre delar er plassert i vestibylen ved hovudinngangen. The Living Are Governed by the Dead er ei reise tilbake til ruinane i antikken.
Engh har laga avstøypingar av relieffa på Pergamonalteret. Pergamon var ein oldtidsby i Vesleasia, og alteret er eit av dei store arvestykka frå antikken. Det blei grave ut av tyske arkeologar på slutten av 1800-talet og står i dag i Berlin. Frå ei av frisene som utgjer alteret, har Engh valt ut og reprodusert gipsavstøypingar av tre seksjonar kor frisa er grovt skadd.
Der han ikkje har hatt tilgang til ornamentikken, har han tilført ei flate utan innhald.