Steinar Jakobsen sitt arbeid «Look back in Puzzlement» er utført på tre pleksiglasplater; ei farga, ei transparent og ei svart, samt ei klar bakplate. Arbeidet tar utgangspunkt i stillbilde frå videoar av menneske i eit nattleg urbant landskap. Det er rissa inn figurar i glasplatene i 1:1-format. Risseteknikken er inspirert av tagging på t-banevindauge i New York og andre byar, såkalla «scratchiti», som er vidareutvikla av Jakobsen. Kustnaren har òg latt seg inspirere av skrekkfilmar, norske sagn og folkeeventyr. Figurane framstår som anonyme silhuettar, slik straumen av reisande på ein jernbanestasjon kan verke på oss.