Det kvite arket er knytt til nye moglegheiter og nytt liv, samtidig som papirmaterialet er sjølve grunnlaget for verksemda til Statsarkivet. Eit arkiv kan samle og dokumentere eit heilt liv, men kan òg redigere bort uvesentlege hendingar. Samankrøllinga av papiret er såleis fleirtydig, sidan det òg sender tankane til kasserte ark, notat eller forteljingar som fell utanfor den offisielle historieskrivinga. Faldane og fordjupingane i arket fangar lys og skugge, og uttrykket endrar seg etter vêret. For kunstnaren har det vore viktig at arket ser naturtru ut.