Opposite Mountain Lights

Anders Sletvold Moe

 

Om

Verket tek i bruk heile himlingen i overbygget og er inspirert av fjellkjeda som strekkjer seg frå Ørsta mot Vartdal med fjelltoppane Saudahornet, Vassdalstinden, Stabben, Liahornet og Bergehornet. På mørke vinterdagar leiar lysinstallasjonen besøkande til politistasjonen frå dei svingar av vegen og køyrar opp bakken mot parkeringsområdet. I den lysaste tida av året fungerer formene i taket som skulpturelle element som gjev huset ein karakteristisk profil. Kunstnaren tok utgangspunkt i eit kart over fjellkjedene og overførte konturlinene frå fjella ved hjelp av eit dataprogram, som han så gjorde om til stiliserte tredimensjonale former. Frå nokre stader på parkeringsplassen ser det ut som at dei omkringliggande fjella er blitt spegla i lysinstallasjonen i taket.

Opposite Mountain Lights refererer også til verdiar som fysisk kraft, styrke og vern, noko ein òg forbind med politiet si verksemd. Når det er mørkt, lyser verket opp inngangen for dei som passerer forbi.

Detaljer

Datering

2015

Kunstner

Anders Sletvold Moe

Kategori

Installasjon

Teknikk og materiale

Innrammede og pulverlakkerte pleksiplater med LED lys

Mål


Dybde: 45cm
Bredde: 320cm
Lengde: 630cm

Reference

KORO.006253