Prosjektet er eit konseptuelt arbeid , og skil seg derfor frå dei andre arbeida. Her er det den kunstnariske ideen som er er det berande elementet. Frå høvesvis Galdhøpiggen og Snøhetta har Stueland henta to steinar. Desse er avstøypte i bronse og dekte med naturtru måling for å skape identiske kopiar av dei ekte steinane. Kopiane er sette tilbake i fjellet, mens originalsteinane er montert på høge soklar inne i kvart sitt atrium. Dette er er det også gjort greie for med ein tekst som er montert på atrievindauget.