Dyrøy har lagt nokre meter asfalt «riksveg» og ei gatelykt ned i eit djupt atrium; eit heilt realistisk utsnitt av røyndommen som transcenderer den hyperrealistiske tradisjonen arbeidet kan lesast inn i. Ein fullt ut funksjonell asfaltveg med midtstripe og tilhøyrande belysning, men som ikkje har nokon funksjonalitet i det heile. Arbeidet framstår meir som ein kommentar til sjølve kunstens legitimitet av å være utan praktisk meining og tyding. Men det framstår også som ein subtil kommentar til dei diskusjonane som ofte har vorte førte om utsmykkingskunst, diskusjonar som har søkt å klassifisere denne kunstsjangeren innanfor såkalla anvend kunst.