
KORO deltek på ICOM-CC-konferanse i Oslo
Korleis veit vi at skulpturar utandørs står støtt?
KORO skal presentere Sikkerhetsprosjektet (eit tverrfagleg prosjekt om tryggleik) på den internasjonale ICOM-CC-konferansen i Oslo 14.–18. september 2026. Her skal konservatorar og forskarar frå ei rekkje land møtast for å dele kunnskap og erfaringar.
ICOM-CC (International Council of Museums Committee for Conservation) er den leiande internasjonale organisasjonen for konserveringsfaget. Temaet for konferansen er Cultural Connections in Conservation, og set søkelys på samarbeid, kunnskapsdeling og betydninga/verdien av kulturarven på tvers av fag, samfunn og generasjonar.
Sikkerhetsprosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom konservatorar i KORO og i Oslo kommune, og bygningsingeniørar frå Sweco. Prosjektet har utvikla systematiske metodar med georadar og ultralyd for å vurdere tilstanden til skulpturar utomhus. Slik skal ein kunne identifisere kva kunstverk som treng nærare undersøkingar eller tiltak for å sikre tryggleiken til både kunst og publikum.
KORO har produsert kunst i 50 år. For somme av dei eldre verka er det nødvendig å gå gjennom og oppdatere dokumentasjon på innfesting av verket, og sikre at kunst i utandørs står trygt året rundt. Samstundes som vi kartlegg behov for sikring, jobbar vi òg med ulike digitale løysingar for dokumentasjon av eldre verk.
Arbeidet blir presentert på ICOM CC 2026, i Oslo 14.–18. september, og blir publisert i artikkelen “The Safety Project: A tiered risk assessment and non-destructive testing approach to structural safety in outdoor sculptures”.
Artikkelen er skriven av leiar for seksjon for kunstforvalting Ingrid Skard Skomedal i KORO, konservatorane Terje Syversen, Oda Grønnseby og Marit Lehne i Oslo kommunes kunstsamling, Mari Bjørge i Gravplassetaten, og rådgjevande ingeniør Fredrik Aune Dammen i Sweco.
Konferansen finn sted på Oslo Kongressenter. Billettar og registrering her.
Artikkelen vil publiserast her.

Skulpturen She Lies (2010) av Monica Bonvicini flyt i vatnet utanfor operahuset i Oslo, og er eit godt døme på korleis endra omgivnader og bruksmønster kan påverke forvaltinga av offentleg kunst. Det som ved installasjon ikkje var eit bade- eller aktivitetsområde, er i dag ein arena for rekreasjon, noko som har ført til auka merksemd på tryggleik, dokumentasjon og risikohandtering. Foto: KORO.

John Audun Hauge sin skulptur Dønning har stått i regjeringskvartalet sidan 1997. Sommaren 2020 blei den teken ned på grunn av byggearbeida. Den kom tilbake til regjeringskvartalet i 2025 og fekk ny plassering. Flyttinga førte til endra behov for sikring, og Dønning har fått mellombels hjelp av nokre treplankar. Foto: KORO.
Les flere aktueltsaker fra KORO
Var dette nyttig?
Takk for din tilbakemelding!
Takk for din tilbakemelding!
Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.


