
Markering av nytt kunstprosjekt for Noregs ambassade i Tokyo
Kunstverk av tre norske kunstnarar er på plass i Tokyo. 12. november vil det være ei høgtideleg markering og nyopning av ambassaden med inviterte gjester. Representantar frå KORO, Statsbygg og UD vil også være til stades.
Det noverande ambassadeanlegget er teikna av den japanske arkitekten Junzo Yoshimura (1908-97) og var ferdig i 1977. Etter ein periode med rehabilitering og oppussing vert det ei markering og nyopning 12. november. I tillegg er det i 2025 også markering av 120-årsjubileet for opprettinga av diplomatiske band mellom Japan og Noreg.
Medan ambassaden har blitt renovert har kunstnarane Matias Faldbakken, Sveinung Rudjord Unneland og Camilla Løw utvikla kunst spesielt tilpassa staden. Kuratorane for kunstprosjektet, Ole Martin Lund Bø og Endre Aalrud tok utgangspunkt i bygget sin særeinge arkitektur for det kuratoriske arbeidet.
Dei inviterte kunstnarane har løyst oppgava på kvar sin måte: Til resepsjonen i ambassaden har Matias Faldbakken laga eit veggrelieff i keramiske fliser. I same rom finn vi eit maleri og eit tekstilarbeid av Sveinung Rudjord Unneland, medan Camilla Løw har laga ein skulptur som står utomhus ved inngangspartiet til residensdelen. Alle verka er synlege for tilsette og gjester.
Les meir om kunstverka på prosjektsida.



