Vågestykke #8 Opplett

Inger Wold Lund, Claire Tolan

 

Om

Ei lydvandring av Inger Wold Lund med lyd innspelt, miksa og mastra av Claire Tolan. Opplett er andre del av to lydvandringar ho har laga for Vågestykke.

Medan Nedbør tok for seg dei mest mørke og regntunge årstidene, fokuserer Opplett på den lyse tida av åra, den vi er på veg inn i no. Med Nedbør/Opplett gir Inger Wold Lund deg som ferdast på Campus Kronstad, som gjest, tilsett eller student, høve til å oppleve staden med ditt heilt eige soundtrack til kvardagen. Lyttarar/deltakarar blir leidd gjennom Høgskulebygget på Kronstad via nedlastbare lydfiler og hovudtelefonar. Lydvandringane er ein serie vêrspesifikke historier, og observasjonar det er lett å oversjå, slik som måten lyset skin inn eit vindauga, eller ein plante. Målet er å bygge opp om og verne om evna til å sjå ting på nye måtar, og slik utvide sanseinntrykk av kvardagslege omgivnader, både for besøkande og dei som dagleg er på skulen

Opplett markerer at regnet stilnar, det kjem pausar i den vinterlege sildringa og våren slepper laus spirer frå jorda.

Hør Opplett her:

Av: Inger Wold Lund
Lyd: Claire Tolan
Manuskonsulent: Pål Gitmark Eriksen
Språkvask (engelsk): Claire Tolan
Studioopptak: Notto J. W. Thelle, innpilt på Notam
Testing: Øyvind Baste Agdestein, Simen Korsmo Robertsen og Alice Sarah Welsh
Takk til: Tyler Bopp, Mathijs van Geest, Lars Tore Halvorsen og Grete Wold

Inger Wold Lund er utdanna ved Oslo Kunsthøgskole, Konstfack i Stolckholm, og Staatliche Hochschule für Bildende Künste i Frankfurt am Main. Ho har gitt ut bøker på Flamme Forlag og Ugly Duckling Presse, og har blitt utstilt på blant anna M.I/mi1glissé i Berlin, Roberta i Frankfurt, Museo Apparentei i Napoli, Galerie Parisa Kind i Frankfurt, Hordaland Kunstsenter i Bergen, og INCA i Seattle.

Claire Tolan sine verk har sidan 2013 hatt sitt fundament i ASMR, Autonomous Sensory Meridian Response. Tolan har hatt ASMR-programmet You’re Worth it på Berlin Community Radio i to år, og har arbeidd med ASMR i framsyning, opptak, og utstilling, saman med blant anna Holly Herndon. Tolan var i 2015 Goethe-Institut and Space Perlin Noise sound artist-in-residence ved White House i London.

Detaljer

Datering

2017

Kunstnere

Inger Wold Lund
Claire Tolan

Kategori

Lydinstallasjon, Interaktiv kunst, Temporært, Mediekunst

Teknikk og materiale

Lydvandring

Mål


Varighet: 3. april - 17. april 2017
Lydvandring: 27:36 min.