Tomas Colbengtson med skulpturelt verk til Saemien Sijte
Kunstverket som blir laga til det nye sørsamiske museums- og kultursenteret på Snåsa, bygger på sentrale motiv i den sørsamiske kulturen: reinsdyr, sola og den tette relasjonen til naturen.
Etter ein Open Call våren 2020, der i alt 14 kunstnarar og kunsthandverkarar melde si interesse, blei den samisk-svenske kunstnaren Tomas Colbengtson (f. 1957) einstemmig invitert til å vidareutvikle eit kunstprosjekt for Saemien Sijte. Kunstverket vil stå klart til opninga av den nye museumsbygningen vinteren 2021/22.
– Eg er sikker på at Tomas Colbengtson vil skape eit samtidsorientert og stadspesifikt verk som samtidig speglar den sørsamiske kulturen og den komplekse historia til dette urfolket, seier kurator Janicke Heggem Rudi Iversen i KORO.
Ved sida av den museale verksemda arbeider Saemien Sijte med kulturspørsmål og aktivitetar som er framtidsretta og har som mål å styrke det sørsamiske språket og den sørsamiske identiteten og fellesskapsfølelsen. Iversen er svært glad for det gode samarbeidet som er etablert med Saemien Sijte.
– Dei er etter mitt syn eit nav i det sørsamiske miljøet i dag og er sentrale i både formidlinga og ivaretakinga av den sørsamiske kulturarven. Å samarbeide med dei har gitt oss verdifull innsikt og kunnskap, seier Iversen.
Kunstverket som Colbengtson ønsker å realisere, er eit skulpturelt utandørsverk som består av to hovuddelar: eit stort, solid og gyllent glasobjekt med innstøypte bilde, samt naturstein frå Snåsa. Motivet inni glaset vil vere ein reinsdyrflokk som kviler på sommarsnø ein stad i det sørsamiske landskapet. Verket bygger på sentrale motiv i den sørsamiske kulturen: reinsdyr, sola og den tette relasjonen til naturen.
– Språket vårt strøymer ut av landskapet vi lever i og av
Tomas Colbengtson
– I løpet av to generasjonar kan ei heil folkegruppe miste språket sitt. Uansett kor ein vender blikket i verda, møter ein på dei same historiske erfaringane blant urfolk. Kunst er eit godt erstatningsspråk viss morsmålet er gått tapt, seier Tomas Colbengtson. – Språket vårt strøymer ut av landskapet vi lever i og av.
Tyin tegnestue er arkitektar for det nye museums- og kultursenteret, og Statsbygg er byggherre. Grunnsteinen blei lagt ned av kulturminister Abid Raja 13. oktober i år. Nye Saemien Sijte vil stå klart vinteren 2021/22.
Pressespørsmål til kunstnarane, kuratorar eller jury går gjennom
kommunikasjonssjef Åsne Hjukse.
Om kunstnaren
Tomas Colbengtson (f. 1957) er same og fødd og oppvaksen i Tärnaby i Sverige. Han arbeider med bilde, objekt og tekst i mange ulike materiale og teknikkar. Han har utvikla ein teknikk med silketrykk i overfangsglas, og i glasobjekta sine arbeider han med alt frå optiske effektar til ulike grafiske teknikkar. Colbengtson har hatt ei rekke utstillingar i utlandet, står bak offentlege kunstverk i Sverige, Finland og Noreg og er representert i m.a. Nasjonalmuseet i Oslo, Dronning Sonjas grafikksamling, Sametinget og Statens konstråd i Sverige. Han underviser dessutan i grafikk på Konstfack i Stockholm, som han sjølv har ein mastergrad i måleri frå. Tomas Colbengtson er initiativtakaren til verdas første kunstnarresidens for urfolk: Sápmi salasta.
Om prosjektet
- Saemien Sijte er eit sørsamisk museum og kultursenter som ligg i tospråklege Snåsa i Trøndelag fylke. På Horjemstangen blir det nå bygd eit nytt museums- og kulturbygg til institusjonen. KORO har ansvaret for å utvikle eit kunstprosjekt i forbindelse med nybygget.
- Tyin tegnestue er arkitektar, og Statsbygg er byggherre. Grunnsteinen blei lagt ned av kulturminister Abid Raja 13. oktober i år. Bygget vil stå klart vinteren 2021/22.
- Dokumentasjon av kulturminne, tradisjonell kunnskap og historie har vore og er ein sentral del av verksemda til Saemien Sijte. Dei har solid kunnskap om og kompetanse på samisk kultur og historie.
Meld deg på vårt nyhetsbrev
Hold deg oppdatert på kunst i offentlig rom! Vi sender jevnlig ut nyhetsbrev med de siste nyhetene fra KORO, informasjon om åpninger og arrangement, seminarer og ledige oppdrag.