Inges Idee er ei tysk kunstnargruppe som blei grunnlagt i Berlin i 1992. Georg Zey, Axel Lieber, Hans Hemmert og Thomas Schmidt har stått bak over 60 permanente og stadspesifikke kunstverk i alt frå skular og sjukehus til forretningsbygg i ei rekke land, bl.a. Tyskland, Sverige, Japan, Korea og Canada.  Uttrykket deira er overraskande og ofte humoristisk. Foto: Inges Idee
Aktuelt

Tysk kunstnargruppe til Bergen

No er det klart kven som skal utforme eit av hovudverka ved
Glasblokkene, det nye sjukehuset for barn, unge og kvinner ved Haukeland universitetssjukehus.

«Spenstig, innovativt og visuelt slåande. Eit tydeleg signalverk med referansar til pop art». Juryens begrunnelse levnar ingen tvil, dei er tydeleg begeistra og glade for å kunne presentere vinnaren.

–  Den tyske kunstargruppa Inges Idee har levert eit godt gjennomarbeida prosjekt. Forslaget har eit leikent og humoristisk uttrykk og vil utgjere eit monumentalt landemerke som vil framkalle mange ulike synspunkt blant publikum, seier Jørgen Blitzner, han er kunstkonsulent for KORO i kunstprosjektet ved Glasblokkene og leiar av juryen som har vurdert bidraga.

Sidan 2011 har KORO produsert og realisert fleire store kunstverk ved Haukeland universitetssjukehus. Vinteren 2020 blei det lyst ut ei open internasjonal prekvalifisering for å lage eit kunstprosjekt i ein av hagane ved Glasblokkene, det nye sjukehuset for barn, unge og kvinner ved Haukeland universitetssjukehus.

Heile 75 kunstnarar melde si interesse for å delta i konkurransen, og den opne prekvalifiseringa blei fulgt av ein lukka konkurranse i etterkant.

– I konkurranseinvitasjonen la vi vekt på at vi ønskte eit verk som var visuelt slåande og inviterte til interaksjon, og det har vi verkeleg fått her.

Jørgen Blitzner, leiar av juryen
Skisse av vinnarprosjektet: Nice to see you er ei taktil skulpturgruppe som kan opplevast på nært hald, men samtidig eit landemerke som er synleg langvegsfrå. Brillene strekker seg 5,8 meter over bakken, kaninen 2,3 meter. Ikkje berre kan det sjåast og beundrast; som eit autonomt verk – det ser og alltid tilbake på deg. Merk at teikningane kun er ei skisse, kunstprosjektet kan utvikle seg i prosessen fram til ferdig verk. Skisse: Inges Idee

Kunstnargruppa Inges Idee blei grunnlagt i Berlin i 1992 av kunstnarane Hans Hemmert, Axel Lieber, Thomas A. Schmidt og Georg Zey. Målet var å jobbe med stadspesifikke kunstprosjekt i offentlege rom. Alle medlemmene er utdanna ved kunstakademia i Berlin og Düsseldorf og har eit aktivt kunstnarskap ved sida av kunstnargruppa. Sidan starten tidleg på 1990-talet har gruppa stått bak over 60 permanente og stadspesifikke kunstverk i alt frå skular og sjukehus til forretningsbygg i ei rekke land, bl.a. Tyskland, Sverige, Japan, Korea og Canada.

No ser dei fram til å gå i gang med kunstprosjektet ved Haukeland.

– Det er ei stor glede å skulle gjennomføre vårt første prosjekt i Noreg. Barn og unge er eit flott publikum, det veit vi frå tidlegare prosjekt, og akkurat her kan kunsten sette fantasien i sving og gje staden ein ekstra dimensjon. Det finstemte samspelet mellom arkitekturen, hagane og naturen omkring vitnar om dei høge ambisjonane bak planlegginga av sjukehuset. Vi er glade for å få anledning til å sette vårt preg på staden som kunstnarar, seier Axel Lieber.

Knut H. Opheim, jurymedlem og leiar for kunstutvalet i Helse Bergen trur kunstverket vil gi eit pusterom i sjukehuskvardagen.

– Kunst på sjukehus er følsamt og til dels litt vanskeleg. Utsmykkinga skal vere ein fristad og samstundes gje mogelegheit for refleksjon for dei som oppheld seg her. Det bør ikkje vere for dystert. Vinnarverket Nice to see you har snert og humor, det er lett tilgjengeleg og kanskje litt uventa. Dette kan også gi rom for refleksjon, og eg trur verket nettopp kan gje eit slikt viktig pusterom i sjukehuskvardagen, seier Knut H. Opheim.  

Prosjektet har ei økonomisk ramme på 1 750 000 NOK.

Vil du lese heile begrunnelsen frå juryen? Last ned norsk eller engelsk versjon.

Er du nyfiken på nokon av dei andre kunstverka i hagane på Haukeland? Sjå filmen med kunstnarane Mari Røysamb og Ole Rosén der dei fortel om sitt kunstprosjekt Perler.

Desse var med i den lukka konkurransen

  • A Kassen  (Morten Steen Hebsgaard (f. 1977), Søren Petersen (f. 1977), Tommy Petersen (f. 1975), Christian Bretton-Meyer (f. 1976)) DK
  • Christine Aspelund (f. 1966) NO
  • Inges Idee (Georg Zey (f. 1962), Axel Lieber (f. 1960), Hans Hemmert (f. 1960), Thomas Schmidt (f. 1960). DE
  • Annika Oskarsson (f. 1967) og Thomas Nordström (f. 1967) SV

Desse satt i juryen

  • Jørgen Blitzner, kunstkonsulent/KORO (leiar)
  • Harald Fenn, kunstkonsulent/KORO
  • Helge Vidar Bergman, brukarrepresentant/programleiar
  • Marte Christine Jettestad, brukarrepresentant /overlege ved Kvinneklinikken
  • Anne-Jorunn Langeland, brukarrepresentant /rådgivar ved Barne- og ungdomsklinikken
  • Lars-Petter Smidt, brukarrepresentant /prosjektleiar ved Prosjektkontoret
  • Siri Rørholt, arkitekt ved Rambøll
  • Knut H.P. Opheim, brukarrepresentant/leiar for kunstutvalet i Helse Bergen
  • Torben Schønherr, landskapsarkitekt ved Schønherr
  • Siri Larsen, brukarrepresentant / seksjonsleiar ved Psykisk helsevern for barn og unge