UiT Norges arktiske universitet, Campus Tromsø, Universitetsplassen

Guttorm Guttormsgaard (NO) har vore ein viktig figur i norsk kulturliv i ein mannsalder, mellom anna som grafikar, teiknar og skapar av offentlege kunstverk. Eit av dei mest markante verka hans er Labyrinten, ein skulptur som har vorte eit signalverk ved Universitetet i Tromsø.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til UiT Nor­ges ark­tis­ke uni­ver­si­tet, Cam­pus Tromsø, Uni­ver­si­tets­plas­sen

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: uit.no
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: Jaro Hollan
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: UiT
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: UiT
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: Jaro Hollan
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: KORO/Cathrine Wang
  • Uten tittel, Annelise Josefsen. Fotograf: KORO/Cathrine Wang
  • Uten tittel, Annelise Josefsen. Fotograf: KORO/Cathrine Wang
  • Uten tittel, Annelise Josefsen. Fotograf: KORO/Cathrine Wang
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: Kjell Ove Storvik
  • Labyrinten, Guttorm Guttormsgaard. Fotograf: UiT
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

I samband med utbygginga av Universitetet i Tromsø, som tok til i 1978 og heldt fram dei neste ti åra, blei det utlyst ein konkurranse om å lage eit verk til universitetsplassen i Breivika. Den opne plassen ligg mellom Statsarkivet, biblioteket og Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, og var eit ingenmannsland mellom bygg med ulike arkitektoniske uttrykk. Guttorm Guttormsgaard vann konkurransen med Labyrinten. Han utforma plassen som eit skålforma amfi. Ein 620 meter lang labyrint ligg som ein slange som vaktar ei varm kjelde i midten. Kjelda måler alltid 37 grader, som gjev frostrøyk om vinteren og assosiasjonar til sørlegare strøk om sommaren. I botnen av kjelda ligg ei metallplate kor stjernene på nordhimmelen er stansa ut i miniatyr.

Verket, som Guttormsgaard laga i samarbeid med landskapsarkitekt Bjarne Aasen, er sterkt forankra i nordnorsk kultur og natur og i ein fleire tusen år gamal samisk labyrintkultur. Teorien er at desse labyrintane, som eksisterte så tidleg som på 1300-talet, blei bygd som magisk vern mot truslar utanfrå. Labyrinten til Guttormsgaard blei utforma i naturstein, med berre nordnorske materiale og arbeidskraft. Den samiske kunstnaren Annelise Josefsen blei invitert til å hogge ut to store steinar som skulle vere «vaktarar» av labyrinten. Ein stein Guttormsgaard kom over og likte, blei frakta til Tromsø med Forsvarets landgangsfartøy. Ein stein er frå ytst på Rebbenesøya, ein er henta på Vanna, og innimellom finn ein polert grøn gatestein frå Masi og bassengkantstein frå Lødingen. Nokre steinar har eit naturleg preg, andre er vidareforedla med refleksar, spiralar, sjakkrutemønster og anna. Delar av golvet og bassenget har varmeelement som gjer at formene er synlege òg på vinterstid.

Guttormsgaard sitt prosjekt utmerkar seg som offentleg kunstprosjekt på fleire vis. På den tida da det blei laga, måtte offentleg kunst i stor grad underordne seg byggeprosessen og arkitekturen på staden. «Labyrinten» har ei langt meir aktiv tilnærming til staden; skulpturen er med på å definere og lage plassen den står på. Ein kan seie at kunsten er vorten sjølve staden: Utforma som eit amfi fungerer den som ein samlingsstad for studentar og andre, og den har vore identitetsskapande for Universitetet i Tromsø. Her lèt gjestar ved universitetet seg avbilde, og ein stilisert versjon av labyrinten er teken i bruk som universitetet sin logo. Den heilskaplege og konseptuelle tanken som ligg bak, gjer verket til eit føregangsverk; denne måten å ta i bruk offentlege rom på er blitt meir vanleg dei seinare åra. Labyrinten er også eit av få kunstverk laga i regi av KORO (den gongen Utsmykkingsfondet for offentlege bygg) som er tydeleg påverka av den såkalla land art-tradisjonen, ei retning innan biletkunsten som gjorde seg gjeldande frå 1960-talet. Her brukte kunstnarane naturen og det som finst i den, i prosjekt som gjerne hadde kort varigheit.

Guttorm Guttormsgaard (f. 1938) begynte som grafikar i 1960-åra og utvida etter kvart den grafiske verksemda til boktrykk, typografi, plakatar og bildereproduksjon. Etter fleire store utstillingar tidleg i karrieren jobba han meir i det stille frå slutten av 80-talet. Han gjorde fleire offentlege utsmykkingar, mellom anna av Byhallen i Oslo, samstundes som han opparbeidde seg ei særeigen samling av bøker, bilde og gjenstandar som er utstilt på Blaker gamle meieri. I 2015 hadde Stenersenmuseet ei større utstilling med gjenstandar frå samlinga til Guttormsgaard.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Hansine Hansens veg 18, 9037 Tromsø

Ferdigstilt dato

01.07.1993

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Per Kleiva
Hilde Hauan Johnsen

Byggherre

Statsbygg

Arkitektkontor

John Kristoffersen Arkitektkontor AS
Borealis Arkitekter as

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Intervju med Guttorm Guttormsgaard

Intervju med Guttorm Guttormsgaard

Kunstverk

Kunstverk

Del dette prosjektet