Universitetet i Stavanger, ny energisentral

Kunsten ved den nye energisentralen på Universitetet i Stavanger (UiS) er ei utforsking av møtet mellom menneske og geologi.

Energisentralen opnar i desember 2024. Rendering: Link Arkitektur.
Energisentralen opnar i desember 2024. Rendering: Link Arkitektur.

Om prosjektet

Energisentralen på Ullandhaug er ein viktig milepæl i universitetet sitt arbeid for å bli sjølvforsynt med energi. Bygget samlar energi frå over hundre energibrønnar boret ned under campus, som utnyttar bergvarme lagra djupt under bakken. Energisentralen vil redusere over 60 prosent av energiforbruket på campusområdet, og styrkje forsking på bergvarme ved UiS.

Den islandske kunstnaren Anna Rún Tryggvadóttir har laga lydverket How to Breathe Rock – Artistic Meditation through Matter til energisentralen. Verket utforskar forholdet mellom oss menneske og jorda vi står på, og er ein meditasjon over den skjulte, men livsviktige avhengnaden vi har til geologien rundt oss.

«When you enter the building that keeps you warm, you are entering a three-dimensional space made out of materials that were once inside the Earth: the iron structure, the aluminum facade, the plaster, ceramic, clay and raw pigments in walls and flooring, the glass windows and the entire electrical grid.»

Frå How to Breathe Rock av Anna Rún Tryggvadóttir, 2024

Lydverket er tilgjengeleg via QR-kode, med tydeleg merking av tilgangspunkt rundt omkring på campus. Mobilen publikum lyttar til verket på ved universitetet, vil mest sannsynleg vera lada frå energi produsert under bakken dei står på. Verket er laga med utgangspunkt i energisentralen, men kan lyttast til frå kva som helst via universitetet sine eigne nettsider.

To fotoseriar frå KORO si samling er òg ein del av den nye energisentralen. Immersed in Stone av Line Bøhmer Løkken er ei serie svartkvitt-fotografiar tekne på ei fleire dagars vandring i Jotunheimen nasjonalpark. Serien skildrar møtet mellom kunstnaren og eit rått landskap, på landskapet sine premissar. Med kameraet som ei forlenging av ulike syns- og kroppsinntrykk, fangar motiva eit krevjande, framandt, monotont og mektig naturområde.

Ni fotografi av kunstnar Linn Pedersen gir eit nært og underfundig blikk på norsk natur. Fleire av bileta viser spor av menneskeleg nærvær, og rokkar ved skiljet mellom det naturlege og det menneskeskapte. Fotoserien var opphavleg eit KORO-verk til den norske ambassaden i Bamako, Mali, som vart nedlagt i 2023. I energibygget får fotoserien ein ny, relevant kontekst, som kan gi perspektiv på naturen rundt oss.

Anna Rún Tryggvadóttir (f. 1980) er utdanna ved Iceland University of the Arts og Concordia University i Canada. Ho jobbar med kinetiske skulpturar, blanda medium og skulpturelle performancar. Arbeida hennar utforskar forholdet mellom natur og kultur, og ulike oppfatningar av tid og materiale.

Line Bøhmer Løkken (f. 1970) er utdanna ved Högskolan för Fotografi och Film ved Göteborgs Universitet. Ho har hatt ei rekkje separatutstillingar og gitt ut fleire kunstbøker, mellom anna Immersed in Stone. Black Ice, som fotografia på energisentralen er ein del av.

Linn Pedersen (f. 1982) jobbar med fotografi, skulptur og installasjon. Ho er utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Central Saint Martins i London. Pedersen har hatt fleire separatutstillingar, mellom anna på Kunstnerforbundet i Oslo og Kristiansand Kunsthall.

Detaljer

Adresse

Kjell Arholms gate 41, 4021 Stavanger

Fylke

Rogaland

Planlagt ferdigdato

04.12.2024

Kunstnere

Anna Rún Tryggvadóttir
Line Bøhmer Løkken
Linn Pedersen

Kurator

Ida Højgaard Thjømøe

Assisterende kurator

Sofie B. Ringstad

Prosjektleder

Pernille Skar Nordby , KORO
Trond Hugo Haugen , KORO

Formidling

Linn Carin Dirdal , KORO

Arkitektkontor

LINK arkitektur AS

Byggherre

Statsbygg

Totalentreprenør

Kruse Smith AS

Milepæler

Mars 2023


Oppdragsbrev

Juni 2023


Innstilling kurator

3. desember 2024


Lydvandring: Premiere på "How to Breathe Rock – Artistic Meditation through Matter" av Anna Rún Tryggvadóttir

4. desember 2024


Åpning av bygget