Hulda Garborgs hus og besøkssenteret ved Jernaldergården, UiS Universitetet i Stavanger

Når tilbygget til Hulda Garborgs hus opnar, kan ein oppleve fotokunst av Line Bøhmer Løkken. Utanfor det nye besøkssenteret til Jernaldergarden på Ullandhaug vil bronseskulpturen Benk av Tarje Eikanger Gullaksen bli sett opp.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Hul­da Gar­borgs hus og be­søks­sen­te­ret ved Jer­nal­der­går­den, UiS Uni­ver­si­te­tet i Stavan­ger

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

KORO er i gang med to kunstprosjekt for nybygg ved Universitetet i Stavanger.

Hulda Garborgs hus, som rommar grunnskoleutdanning, Senter for åtferdsforsking og Institutt for språk- og kulturvitskap, skal få eit tilbygg med tre auditorium samt undervisningsrom og kontor. Fotokunstnar Line Bøhmer Løkken (NO) er invitert til å gjennomføre eit fotokunstprosjekt med utgangspunkt i livet og arbeidet til Hulda Garborg.

Line Bøhmer Løkken (f. 1970) er utdanna ved Högskolan for fotografi ved Göteborgs universitet og har undervist i fotografi ved Kunsthøgskolen i Oslo i ei årrekkje. Ho har hatt mange utstillingar i Noreg og Norden og har gitt ut fleire fotobøker og publikasjonar kor ho tar for seg stader med særpreg eller ei spesiell historie.

Til det nye besøkssenteret ved Jernaldergarden på Ullandhaug er verket Benk av Tarje Eikanger Gullaksen (NO) valt ut. Bronseskulpturen er ei 4,67 meter lang avstøyping av det som opphavleg var berebjelken i The Clive House i Kolkata, India, og som i dag er ein benk utanfor det same huset.

Huset, som i utgangspunktet var ein portugisisk fabrikk, blei i 1753 bygd om av Lord Robert Clive, kommandør og sjef for Britisk India, til ein av dei første britiske residensane i India. Sjølv budde han der berre i fem år. Frå 1947 har Clive House vore okkupert av bengalske flyktningefamiliar som bur der den dag i dag. Huset er omgjort og takbjelken er flytta ut på gardsplassen, kor den er ein sosial møteplass. Det har lenge vore planlagd å gjere Clive House om til eit historisk museum.

Spørsmålet Gullaksen stiller med avstøypinga er; kva tek vi vare på og kva forkastar vi når historia skal forteljast? Er det historia om Robert Clives eller den om flyktningane som skal forteljast? Skulpturen blir som eit monument over kompleksiteten i historia til bygget kor veksten og fallet til kolonimakta blir knytt saman med historia til flyktningane, og insisterer på at desse særs ulike forteljingane har lik historisk verdi.

Jernaldergarden er eit gardsanlegg frå folkevandringstida, ca. 350–550 e.Kr. Garden ligg på toppen av Ullandhaug med utsikt over Nord-Jæren og Hafrsfjord. Besøkssenteret skal innehalde kafé, butikk og ei avdeling for formidling som skal presentere korleis folk levde i jernalderen, og eit utval arkeologisk materiale. Det er forventa 20 000 besøkande i året.

Tarje Eikanger Gullaksen (f. 1973) er utdanna ved Kunstakademiet i København. Han er representert ved Krome Gallery i Berlin, og har mellom anna stilt ut på Unge Kunstneres Samfund i Oslo. Han har også delteke på ei rekkje store utstillingar, til dømes Berlin Biennale og Art Brussels. Gullaksen jobbar med skulptur, teikning, film og tekst.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Kjell Arholms gate 41, 4021

Planlagt ferdigstilt

31.08.2018

Prosjektansvarlig
Kurator

Hedevig Anker

Byggherre

Trond Liane, Statsbygg

Arkitekt

Sóley Karlsdóttir, NUNO Arkitektur AS
Eivind Stornes Gjertsen, KAP Kontor for Arkitektur og Plan

Mottakerrepresentant

Roar Inge Huseby, UiS
Arnljot Corneliussen, UiS
Inger Sophie Von Krogh, UiS
Brynja Bjørk Birgisdottir, UiS

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Kunstverk

Kunstverk

Milepæler

Milepæler

  • 08.06.2017
    Oppstartsmøte

  • 28.09.2017
    Kunstplan godkjent

  • 19.12.2017
    Ferdigstilling av delprosjekt 1

  • 31.08.2018
    Ferdigstillelse av delprosjekt 2

Del dette prosjektet