Hulda Garborgs hus og besøkssenteret ved Jernaldergården, Universitetet i Stavanger

Dei to nye kunstprosjekta ved Universitetet i Stavanger undersøker ikkje berre den evige jakta vår på meining og innhald. Dei problematiserer òg kva som blir tatt vare på og kva som blir kasta når historier skal forteljast.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Hul­da Gar­borgs hus og be­søks­sen­te­ret ved Jer­nal­der­går­den, Uni­ver­si­te­tet i Stavan­ger

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Benk, Tarje Eikanger Gullaksen. Fotograf: Geir Egil Bergjord
  • Under tiden, Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (1), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (2), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (3), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (9), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden, Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (4), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (7), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (6), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (5), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (8), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
  • Under tiden (8), Line Bøhmer Løkken. Fotograf: Line Bøhmer Løkken
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Til Universitetet i Stavanger er det gjennomført to kunstprosjekt. Line Bøhmer Løkken står bak kunsten til det nye tilbygget til Hulda Garborgs hus. Verket utanfor besøkssenteret til Jernaldergården er av Tarje Eikanger Gullaksen.

Kunstprosjektet til Bøhmer Løkken, Under tiden, er ein serie på ni fotografi utvikla spesielt for Hulda Garborgs hus. Hulda Garborg (1862–1934) var ein allsidig kulturperson. Ho var samfunnsdebattant og tradisjonsformidlar, forfattar og omsettar av ei rekke skodespel, diktsamlingar og romanar, og rørte seg fritt mellom fridomsideala i samtida og tradisjonelle verdiar. Bøhmer Løkken har latt seg inspirere av Garborg si interesse for språk. Vi ser menneske på jakt etter meining og innhald, med naturen som underliggande stemme. Som i språket er det fyrst når vi går på kryss og tvers mellom elementa og set dei saman at forteljingar blir til.

Bøhmer Løkken (f. 1970) er utdanna ved Högskolan för fotografi ved Göteborgs universitet og har undervist i fotografi ved Kunsthøgskolen i Oslo i ei årrekke. Ho har deltatt på utstillingar i Noreg og Norden og har gitt ut fleire fotobøker og publikasjonar kor ho tar for seg stader med særpreg eller ei spesiell historie.

Utanfor det nye besøkssenteret ved Jernaldergården står bronseskulpturen Benk av Tarje Eikanger Gullaksen. Skulpturen er ei 4,67 meter lang avstøyping av det som opphavleg var berebjelken i The Clive House i Kolkata, India. The Clive House har ei lang historie. Det husa mellom anna ein portugisisk fabrikk før det i 1753 blei residens for den engelske offiseren Lord Robert Clive, som la grunnlaget for det britiske imperiet i India. Sidan 1957 har The Clive House vore okkupert av bengalske flyktningfamiliar, som bur der den dag i dag. Takbjelken er nå flytt ut på gardsplassen og fungerer som sosial møteplass. Spørsmålet Gullaksen stiller med avstøypinga, er: Kva tar vi vare på og kva kastar vi når historia skal forteljast? Er det historia om Lord Robert Clive vi skal fortelje, eller den om flyktningane? Skulpturen blir som eit monument over den komplekse historia til The Clive House, og insisterer på at veksten og fallet til den britiske kolonimakta og historia til flyktningane har lik historisk verdi.

Tarje Eikanger Gullaksen (f. 1973) er utdanna ved Kunstakademiet i København. Han er representert ved Krome Gallery i Berlin og har mellom anna stilt ut på Unge Kunstneres Samfund i Oslo. Han har også deltatt på store utstillingar som Berlin Biennale og Art Brussels. Gullaksen jobbar med skulptur, teikning, film og tekst.

Hedevig Anker er kurator for begge kunstprosjekta til Universitetet i Stavanger.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Kjell Arholms gate 41, 4021

Ferdigstilt dato

13.02.2019

Prosjektansvarlig
Kurator

Hedevig Anker

Byggherre

Trond Liane, Statsbygg

Arkitekt

Sóley Karlsdóttir, NUNO Arkitektur AS
Eivind Stornes Gjertsen, KAP Kontor for Arkitektur og Plan

Mottakerrepresentant

Roar Inge Huseby, UiS
Arnljot Corneliussen, UiS
Inger Sophie Von Krogh, UiS
Brynja Bjørk Birgisdottir, UiS

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Kunstverk

Kunstverk

Milepæler

Milepæler

  • 08.06.2017
    Oppstartsmøte

  • 28.09.2017
    Kunstplan godkjent

  • 19.12.2017
    Ferdigstilling av delprosjekt 1

  • 13.02.2019
    Ferdigstillelse av delprosjekt 2

Del dette prosjektet