R6, regjeringsbygg

Verk av Vanessa Baird og Kajsa Dahlberg har fått prominente plasseringar i det nye regjeringsbygget i Teatergata i Oslo. På den opne plassen utanfor blir besøkande og forbipasserande møtt av ei skulpturgruppe av Do Ho Suh. Dei tre arbeida rommar på kvart sitt vis element av autoritetskritikk.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til R6, reg­je­rings­bygg

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Grass Roots Square, av Do Ho Suh. Fotograf: Trond Isaksen
  • HUNDRE ÅR PÅ EN ARBEIDSDAG, av Kajsa Dahlberg. Fotograf: Trond Isaksen
  • Hundre år på en arbeidsdag, av Kajsa Dahlberg. Fotograf: Trond Isaksen
  • Lyset forsvinner – bare vi lukker øynene, av Vanessa Baird. Fotograf: Trond Isaksen
  • Lenge gikk jeg tidlig til sengs, av Vanessa Baird. Fotograf: Trond Isaksen
  • Lenge gikk jeg tidlig til sengs, av Vanessa Baird. Fotograf: Trond Isaksen
  • Grass Roots Square, av Do Ho Suh. Fotograf: Trond Isaksen
  • Grass Roots Square, av Do Ho Suh. Fotograf: Trond Isaksen
  • Grass Roots Square, Do Ho Suh. Fotograf: Trond Isaksen
  • Grass Roots Square, Do Ho Suh. Fotograf: Trond Isaksen
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

R6, regjeringsbygg

Om prosjektet

R6 omfattar to restaurerte bygg og eitt nybygg, teikna av BA Arkitekter, og husar Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Medan kunsten i regjeringskvartalet tidlegare har fungert som ei framsyning av det norske demokratiet og norsk kultur, har kunstutvalet for R6 heller orientert seg internasjonalt og sett etter kunstnarar som kan gripe fatt i den symbollada konteksten på nye måtar. Vanessa Baird frå Noreg, Kajsa Dahlberg frå Sverige og Do Ho Suh frå Sør-Korea har laga til saman fem verk, som trass i dei ulike uttrykka sine reiser universelle spørsmål om mellom anna makt, historie og demokrati.

Do Ho Suh vann i 2009 den internasjonale konkurransen om beste utandørsprosjekt med verket Grass Roots Square. Det er plassert under og mellom hellene på den opne plassen ut mot Munchs gate, og inkluderer eit tre som kastar skugge over plassen på varme sommardagar. Det som på avstand kan sjå ut som felt av gras mellom hellene, viser seg å vere fleire titusen små, grønpatinerte bronsefigurar. Skulpturane, som er 7–15 centimeter høge, finst i fire hundre ulike variantar. På nært hald trer den store detaljrikdommen fram. Figurane har ulik alder, etnisitet og kjønn, og gjev inntrykk av individualitet samstundes som dei er ein del av ei sterk og samanbunden masse. I motsetnad til klassiske, monumentale skulpturar er verket halde nær bakken, og kunstnaren seier sjølv om Grass Roots Square at det er «i same høgda som plassen og offentlegheita. Det er dette nivået, grasrotnivået, ein bør sjå samfunnet frå». Det horisontale kunstverket blir forbunde med fasadane ved raudeika som reiser seg mellom figurane og bygget.

Kajsa Dahlberg sitt tekstbaserte arbeid til foajeen i R6, Hundre år på en arbeidsdag, tar utgangspunkt i stemmerettsjubileet i 2013 og består av tekstar henta frå historia til den norske kvinnerørsla frå 1913 til 2013. Verket går i ein loop på 7,5 timar. I starten av arbeidsdagen kan dei tilsette gå forbi teksten «Vi vil ha menneskelønn, ikke kvinnelønn», og når dei ruslar heim for dagen, er det kanskje teksten «Gjør det sjøl» eller «Jeg er også norsk» som lyser mot dei frå betongveggen i inngangspartiet. Verket gjer oss oppmerksame på alle kampane og sigrane som ligg bak dei rettane vi i dag kan ta som ei sjølvfølgje, men er òg ein demonstrasjon av det slitet ein kvar forkjempar for borgarrettar står overfor.

Vanessa Baird vart i 2010 engasjert til å lage tre store veggmåleri til presserommet og statsrådssalar i Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Som dei tidlegare arbeida til Baird er måleriet Lyset forsvinner – bare vi lukker øynene i presserommet burlesk, humoristisk og ikkje reint ufarleg. Her er referansar til norsk arkitektur og landskap, til dyr og fuglar, og til kjende fablar og folkeeventyr, som trollkjerringa frå ”Gjete kongens harer”. I Baird sin versjon har ho stått så lenge med nasen i stubben at berre beinrestane er igjen.

Bildet snur om på ikonar vi kjenner godt frå før, samstundes som kunstnaren er opptatt av å fortelje om enkeltskjebnar: forlatne hytter, soverom med tomme senger og slitne mødrer. Dei ulike motiva er bundne saman av fargevala og av dei flygande papira spreidd ut over bildeflata. Tankane kan lett gå til det omstendelege byråkratiet: sakspapira som avgjer skjebnen til folk, lover og vedtak som får store konsekvenser for enkeltmennesket.

Måleria til Baird vekte sterke reaksjonar hos tilsette i departementa, og Helse- og omsorgsdepartementet takka nei til det tredje måleriet. Årsaka var at dei flagrande sakspapira gav assosiasjonar til 22. juli, sjølv om Baird har poengtert at dette ikkje er eit tema i verket. Det tredje måleriet, To Everything There is a Season, har nå fått ei sentral plassering i resepsjonsområdet til Kulturrådet. Dei to andre måleria, Lyset forsvinner og Lenge gikk jeg tidlig til sengs, blir verande i R6, i presserommet og statsrådssalen i Landbruks- og matdepartementet. KORO håpar på sikt å kunne samle dei tre måleria i eitt bygg.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Teatergata 9

Ferdigstilt dato

13.03.2014

Prosjektansvarlig
Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Hilde Skjeggestad
Ane Hjort Guttu

Arkitektkontor

BA arkitekter AS

Byggherre

Statsbygg

Mottakerinstans

Helse- og omsorgsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Delvis tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Kunstverk

Kunstverk

Milepæler

Milepæler

  • 24.05.2007
    Oppdragsbrev fra Statsbygg

  • 10.01.2008
    konsulenter valgt

  • 19.02.2009
    Kunstplan, del 1 vedtatt

  • 10.03.2009
    Invitasjon lukket konkurranse

  • 11.11.2009
    Juryering lukket konkurranse

  • 14.04.2010
    Kunstplan del 2 vedtatt

  • 07.10.2014
    Ferdigstillt

Relatert innhold

Del dette prosjektet