NTNU i Trondheim, Realfagbygget, Gløshaugen

Kunstprosjektet til Realfagbygget tar utgangspunkt i den spesielle karakteren til universitetet. Ambisjonen er at kunsten skal fungere som brubyggjar mellom kunst og teknologi.

 

Om prosjektet

Realfagbygget ligg  sørsida av Gløshaugen-platået, der hovudbygningen til NTNU – eit av signalbygga i Trondheim – tronarBygget på heile 62 000 kvadratmeter rommar Fakultet for fysikk, informatikk og matematikk og Fakultet for kjemi og biologi. Arkitektkontoret bak Realfagbygget er Narud Stokke Wiig AS.  

Den arkitektoniske forma til Realfagbygget er rettlinja, streng og rektangulær, men bygget er føydd saman på ein kompleks måte, bygd på interne samanhengar, fleksibilitet og struktur. Fløyene er bundne saman av ein langstrekt, tverrgåande vandrehall med ei gde på opp til fem etasjar. I denne hallen, som er eit funksjonelt og arkitektonisk høgdepunkt, finn ein Carl Nesjar og Arne Nordheims lyd og lysinstallasjon Gilde på Gløshaugen.  

Spreidd rundt i bygget over alle etasjane er den åttedelte installasjonen Just pass the ball around. Verket er produsert av Vibeke Bärbel Slyngstad og Eirik Austlid, og består av sju titteskåp med tablå bygd etter inspirasjon frå historier fortalt av lærarar, studentar og professorafrå forskjellige fagfelt. Den åttande delen av installasjonen er ein automatisk skuffeseksjon i rustfritt stål som er felt inn i ein vegg i underetasjen. Ein av skuffane står alltid open, og om nokon prøver å opne ein av dei andre skuffane, vil den som allereie er open, automatisk bli lukka og etterlate ein metallisk klang.  

På to glasveggar ved hovudinngangen figurerer Jennifer Lloyds silketrykk på glas, Gjennomlyst. Utgangspunktet var den visuelle utforminga av røntgenfotograferte planter, menneske og gjenstandar, men etter eit samarbeid med krystallografar ved NTNU blei uttrykket til slutt eit annaGunnar H. Gundersens todelte Solprosjekt er plassert i sentraltrapperommet mellom 1. etasje og underetasjen og ute på sørsida av bygningen. Verket innandørs er ein installasjon som består av 11 tinnskjermar på ein grå betongvegg. Verket utandørs er ein ti meter høg skulptur med ei spritfylt glaskule på ståltårn. Gjennom året blir det visuelle uttrykket i Solprosjekt endra av strålane frå sola 

Kunstinstallasjonen Gilde på Gløshaugen (1999) av komponisten Arne Nordheim og bildehoggaren Carl Nesjar heng i taket og er inspirert av forma til og aktivitetane i bygget. Lysdelen av verket, som er av Nesjar, omfattasju kubar i pleksiglas med seks neonrør i kvar. Neonrøra blir tende og slokne etter datastyrte parameter. Sensorar plassert rundt i bygget sender signal til ei datamaskin som ut frå konstellasjonen av signal bestemmer kva for lyselement som skal bli sendt.  

Lydinstallasjonen til Arne Nordheim spelar saman med dei pulserande neonkubane til Carl Nesjar, og blir påverka av ulike faktorar: temperatur, vindhastigheit, dagslys, regn og kor mange menneske som er i bygget. Lydinstallasjonen er delt i ulike sekvensar, og fordelingshastigheita  lydane rundt om i bygget er bestemt av trafikken forbi teljarane. Jo fleire menneske som passerer teljarane innanfor eit visst tidsrom, jo raskare flyttar sekvensane seg. Dermed blir dei som oppheld seg i nærleiken, ein del av kunstverket. Installasjonen er styrt av tida og av eksterne styresignal, materialet er samansett av ferdige bitar med ei viss varigheit. Det er definert tre lag med lyd som har ein eigen romleg distribusjon, og som er knytt til ein spesiell fargetone i kubane til Nesjar. 

Vibeke Bärbel Slyngstad og Eirik Austlids Just pass the ball around (19962000) er ein installasjon som består av sju titteskåp og ein skuffeseksjon. Tekstutdrag, silketrykk på glasskilt, heng på veggen ved kvart skåp. Titteskåpa er monterte på ulike måtar og rommar små gipsskulpturar av ulik artGipsskulpturane heng delvis i fiskesnøre, og monterglasa er måla med airbrush i same farge som veggen bak. Dei små tablåa blir gjort synlege av fiberoptisk lys.  

Gunnar H. Gundersens Solprosjekt (2000er ein skulpturinstallasjon med to element. Utandørs står ein stålkonstruksjon med ei glaskule øvst. Inne heng eit sett med tolv konkave tinnplater. Ei av desse platene er alltid montert på stålkonstruksjonen ute. Glaskula på toppen fungerer som ei kjempelinse fylt med nesten 600 liter sprit som blir ført i kopparrør frå kjellaren  bygget og opp langs konstruksjonen. Solstrålane treffer linsa og blir brotne og reflekterte på den konkave tinnplata, som måler 70 x 80 cm. Breidda på 70 cm svarer til korleis sola beveger seg omtrent mellom kl. 10:30 og 13:00, da solhøgda endrar seg ca. 2 millimeter per dag gjennom året. Ettersom tinn har eit lågt smeltepunkt, vil plata i løpet av eitt år ha rissa opp eit mønster avhengig av talet på soldagar. Etter eitt år blir tinnplata bytta ut med ei av dei elleve resterande platene inne i bygget. Etter tolv år har alle platene fått eit mønster. 

Jennifer Lloyds monumentale Gjennomlyst (199899er eit silketrykk på glas i to område av bygget. Verket, som totalt utgjer 80 kvadratmeter, er integrert i vindaugsflatene og er plassert ved hovudinngangen og inngang to. Løysinga til Lloyd er utarbeidd i nært samarbeid med det vitskaplege personalet.  

Detaljer

Adresse

Høgskoleringen 5, 7491 Trondheim

Kunstnere

Gunnar H. Gundersen
Eirik Austlid
Vibeke Slyngstad
Carl Nesjar
Arne Nordheim
Jennifer Lloyd

Ferdigstilt dato

31.12.2000

Prosjektansvarlig

Kristine S. Smeby

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Kalle Grude
Kjersti Lerseth

Arkitektkontor

Narud Stokke Wiig

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk