Molde trafikkstasjon

Dei tilsette ved Molde trafikkstasjon ønska seg kunst som kunne gje dei andre impulsar enn det dei arbeidar med til dagleg. To store maleri i svart og kvitt av Mona Eckhoff Sørmo (NO) harmonerer med den strenge bygningen i farger og proporsjonar, samtidig som dei bringer poesi inn i kvardagen for tilsette og besøkande.


Vis på kart
Lukk kartet
Finn veien

Finn veien til Mol­de tra­fikk­s­tas­jon

eller
Finn stedet der du er nå
Velg transporttype:
Avbryt
  • Light and ultra Black I og II, Mona Eckhoff Sørmo. Fotograf: Gitte Sætre
  • Light and ultra Black II. Fotograf: Mona Eckhoff Sørmo
  • Light and ultra Black I og II, Mona Eckhoff Sørmo. Fotograf: Gitte Sætre
  • Light and ultra Black I. Fotograf: Mona Eckhoff Sørmo
Klikk for å zoome

Om prosjektet

Om prosjektet

Molde trafikkstasjon

Om prosjektet

Trafikkstasjonen ligg skjerma frå riksvegen, omgjeve av lauvskog og med utsyn mot fjellet «Tussen». Det låge, langstrakte bygget er av kvit mur og svartmåla trepanel. Bygget blei totalrenovert i 2011, og to nybygg, eitt i kvar ende av hovudbygget, er føydd til på ein måte som gjer at bygningen ligg godt integrert i landskapet.

Da kunstverk skulle kjøpast inn til det nye bygget var det eit ønske om at både publikum og besøkande kunne ha glede av det. Dei tilsette var involvert i prosessen med å velje ut kunst til anlegget, og to abstrakte måleri av kunstnaren Mona Eckhoff Sørmo vart valt til den store, sørvendte endeveggen i resepsjonsområdet.

Eckhoff Sørmo har laga ei rekkje offentlege kunstverk tidligare, mellom anna for Postgirobygget og NRK sitt hovudkontor. Ho har arbeidd mykje på pleksiglas og finérplate, ofte med bruk av materiale frå naturen og industrien, som fjør og sement, avtrykk frå blad eller tekstiler. Bilda på Trafikksentralen er ein del av serien «Light and Ultra Black», ein serie abstrakte tablå kor kunstnaren med enkle middel skapar eit bildeunivers i eit tvitydig grenseland mellom det mikro- og makrokosmiske. Bilda sendar tankane til fjerne galaksar, så vel som førestillingar av livet på cellenivå. Kunstverka i trafikkstasjonen er godt motteke av dei som arbeider der.

Fakta

Fakta

Besøksadresse

Årødalen, 6422 Molde

Ferdigstilt dato

01.12.2013

Prosjektansvarlig

Dag Wiersholm

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Gitte Sætre

Mottakerinstans

Statens vegvesen - region nord

Arkitektkontor

Kvernaas AS

Byggherre

Statsbygg

Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjenglig for publikum

Program

Kunst til statlige nybygg

Kunstverk

Kunstverk

Del dette prosjektet