INN Høgskolen i Innlandet, campus Lillehammer

 

Om prosjektet

Azar Alsharifs kunstverk Flexible Cosmos er laga spesielt for trapperommet i Høgskolen i Innlandet sitt nybygg Nyhove. Verket består av fire monumentale trykk. Motiva er collagar som er skanna i høg oppløysing og deretter forstørra. Collagane er laga analogt, og kvar variant er sett saman og komponert på skanneflata før skanning. Vi kan sjå eit utsnitt av noko som ser ut som ei strandlinje – vi skimtar sand, steinar, vatn og gjenskinet frå sola.

Alsharif jobbar ofte med landskapsmotiv som er anonyme eller universelle. Desse finn ho i motemagasin og reklamar for bilar og klokker, der landskapet fungerer som eit bakteppe eller ein symbolsk scenografi, ei vakker ramme som innbyr til å drøyme seg bort. Dette har inspirert henne til å fjerne all annan informasjon i bilda og berre fokusere på bakgrunnen, som ei scene ein kan fylle med eigne førestillingar.

-Ein kan ikkje heilt vite om ein stad er like i nærleiken eller på andre sida av kloden, seier Alsharif. Landskapet blir ofte brukt som ein identitetsmarkør for folk og land, noko eg finn fascinerande med tanke på at landegrenser er ein konstruksjon, og at naturen kan vere ganske lik på vidt forskjellige stader.

Dei fire trykka er plassert i kvar sin trappeavsats i det fem etasjar høge bygget. Trapperommet er den sentrale gjennomgangsåra i bygget frå hovudinngangen i øvste etasje til undervisningsromma i første etasje. Dei ulike motiva tar utgangspunkt i eitt og same bilde, som er kutta opp i små bitar og pusla saman. Etter kvart som ein beveger seg nedover i trappa, går motivet meir og meir i oppløysing, til det opphavlege motivet er fullstendig abstrahert. Når ein så beveger seg opp trappa igjen, vil motivet gradvis falle tilbake i den opphavlege heilskapen, som i ein enkel, sakte animasjon.

– Eg ønsker at serien kan gi rom for ei estetisk oppleving av fart og hastigheit, men også at den kan vere interessant i seg sjølv. Håpet er også at endringane som skjer i bilda på veg opp eller ned gjennom etasjane, blir eit ekstra lag som kan få fram nye tolkingar over tid, seier Alsharif.

 

Azar Alsharif (f. 1984) er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen, kor ho også bur og jobbar. Ho bruker ofte funne materiale som ho dekonstruerer og komponerer saman på nytt. Utgangspunktet hennar er den store bildeflaumen som omgir oss kontinuerleg. Denne er både ei kjelde til inspirasjon og materiale for kunstnariske omarbeidingar.

Detaljer

Adresse

Nyhove - Vormstuvegen 42, 2624 Lillehammer.

Kunstnere

Azar Alsharif
Azar Alsharif

Ferdigstilt dato

01.12.2020

Prosjektleder

Elisabeth Tetens Jahn

Fagkomite

Anne Marthe Dyvi
Eirin Støen
Hedevig Anker

Byggherre

Storhove Innovasjonsbygg AS

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til leiebygg og eldre statlige bygg

Kunstverk