Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset

Hans Strøm-huset frå 1984 ved Høgskulen i Volda er blitt rehabilitert og har med det fått ny kunst frå KORO.

Migrant #1, Matteo Rosa. Fotograf: Pernille Skar Nordby / KORO

Om prosjektet

Høgskulen si avdeling for samfunnsfag og historie held til i bygningen, som etter ombygginga består av verkstader for mediefag, store nye læringsrom, eit ope studentareal og arbeidsplassar for 47 høgskuletilsette.

Ein serie på fem handlaga silketrykk av Matteo Rosa (IT/SE) har fått plass i bygget. Silketrykka viser skriftteikn frå ulike språk og frå ulike kjelder. Desse er skanna og lagt oppå kvarandre slik at dei skaper abstrakte motiv. Ein kjenner igjen teksten som skrift, men den er likevel ikkje mogleg å forstå. Slik blir kunstverka ei form for historiske manuskript med innhald som er blitt omarbeidd og brukt om igjen.

Kunstverka kan leie tanken til studentnotat. Motiva viser dermed både til det som skjer i bygget, og til korleis kunnskap blir utvikla og vidareformidla – i kvar og ein av oss og i eit større perspektiv gjennom at forsking blir til ny kunnskap ved at ein bygger stein på stein på tvers av språk og fagfelt.

Samtidig viser silketrykka til eit samansurium av stemmer. Dei er eit bilde på liva som utspeler seg ved ein utdanningsinstitusjon, og på relasjonane mellom alle dei ulike menneska som har sitt daglege virke her.

Matteo Rosa (f. 1978) brukte fleire år på å samle inn tekstane som silketrykka er baserte på. Tekstutdraga er henta frå brev skrivne av migrantar til venner og slektningar i heimlanda deira. Dei er frå ulike tidsepokar og på ulike språk. Serien er opphavleg laga som eit offentleg rom-prosjekt til den fleirkulturelle bydelen Möllevången i Malmö, men er også montert i Kongsvinger fengsel, som er eit høgsikkerheitsfengsel for personar som ikkje er norske statsborgarar.

Arbeida utforskar migrantperspektivet og dei ofte dramatiske, andre gonger kvardagslege forteljingane til migrantar på ein poetisk måte. I eit globalt perspektiv er kunstverka i serien til Rosa evig aktuelle, da menneske alltid har flytt på tvers av landegrenser og språk. Studentar som er langt heimanfrå, kanskje for første gang, kan oppleve verka som ei forteljing om deira nye tilvære.

Detaljer

Adresse

Joplassvegen 11, 6103 Volda

Fylke

Vestland

Kunstner

Matteo Rosa

Ferdigstilt dato

18.12.2023

Prosjektansvarlig og kurator

Pernille Skar Nordby , KORO

Byggherre

Statsbygg

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Kunstverk