HVL Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen

Ei veggteikning som strekkjer seg langs ein 60 meter lang underjordisk korridor, såpebobler som svever ut over myldresona kvart femte minutt, ein podkast om det grøne skiftet, ein mynt skoren inn i ein vegg – dette er nokre av kunstverka på Campus Bergen på Kronstad, Høgskulen på Vestlandet (HVL).

 

Om prosjektet

Om vi måler den på ein funksjonsskala, er kunst utan direkte nytte. Samstundes er det vanskeleg å sjå for seg eit samfunn utan kunst i ei eller anna form. Kunsten er òg kjend som eit felt der kunnskap frå alle andre område vert teken i bruk. Til skilnad frå vitskapleg forsking treng ikkje kunst å underbyggast med bevis, og det er heller ikkje naudsynt å stadfeste noka sanning. Men noko av det kunst og vitskap deler, er evna til å stille seg undrande til alt. Undring og tvil er naudsynte motorar i undersøkande og kritiske prosessar – grunnlaget for all utdanning og utforsking og ikkje minst fagleg refleksjon. Slik høyrer kunst og utdanningsinstitusjonane våre saman.

Ein ambisjon i kunstprosjektet på store, nye Campus Bergen var å utforske dei ytre grensene for ulike posisjonar den offentlege kunsten kan ha – og ta. Kunstplanen vart organisert etter permanente og temporære motsetnader, mellom det faste (arkitekturen) og det rørlege og sosiale. Mellom desse punkta kan ein dra ein akse organisert etter tid, der noko er heilt permanent og fast, mens andre verk kan vere reint sosiale og vare berre eit par minutt. Mellom ytterpunkta finst verk som òg er forbundne med arkitekturen, men ikkje uløyseleg knytte til den.

Åtte ulike kunstnarar har bidrege med stadspesifikke kunstverk som nyttar det arkitektoniske spelerommet og er integrert i bygget i større eller mindre grad. Nokre verk krev stor visuell plass, andre er nær usynlege – inntil du får auge på dei.

Fasadeverket til Anne-Gry Løland var det første som kom på plass. Kobling dekkjer fleire av fasadane og bryt med den stramme forma til bygningane. Hòl i tre ulike størrelsar perforerer aluminiumsplatene som dekkjer store delar av bygningskroppen. Hòla dannar mønster som mellom anna er basert på barokke mønsterførelegg og flate geometriske element. På avstand er dei nesten leselege, på nært hald er dei som eit flimrande filter av lys og skugge.

I foajeen, torget til høgskulen, står Lutz-Rainer Müller og Stian Ådlandsvik bak eit tredelt verk som reiser spørsmål om korleis vi ser på verda. Eit av verka er ei projisert sol basert på sola sin bane på det nøyaktig motsette punktet på jordkloden, eit anna er ei linse som snur den synlege verda på hovudet, og det siste verket er ei såpeboblemaskin som kvart femte minutt produserer ei svær såpeboble som svever ut over det store rommet.

Leonard Rickhard har laga ei veggteikning på den delen av kantina som ligg nærast studenthuset. Arbeidet er utført rett på veggflata og viser eit nett av ruter, der kvar rute er fylt med teikna køyretøy, maskiner og bygningar, kjende motiv frå tidlegare verk av Rickhard. Dette er fyrste gong han arbeider med teikning på ei så stor veggflate.

Indiske Nirmal Singh Dhunsi har laga eit måleri langs ein seksti meter lang korridor i underetasjen. Ei rekkje av tre dannar konstituerande element i det sinnrike verket, der det utfaldar seg scener med figurar henta frå norsk, amerikansk og indisk litteratur og mytologi.

I eit rom med stor takhøgde i tredje etasje har finske Päivi Laakso fylt veggflater og vindaugskarmar med dansande, rytmiske figurar. Verket, med namnet The Way We Move, har eit energisk, nesten skisseaktig preg over seg.

Liste av Kim Hiorthøy breier seg over ein heil vegg i biblioteket. Verket er ei liste over alt ein har bruk for, alle vala ein må ta, alle tinga vi kan oppleve, hugse eller gløyme, menneska vi møter – ei form for inventaroversikt over livet.

I tillegg til dei store og markante verka ønskte kunstutvalet seg verk med ei meir overraskande plassering og uttrykk og som gjerne hadde noko gåtefullt og humoristisk ved seg. Snorre Ytterstad står bak to verk i kantina som fyller denne rolla, samt eit verk som er integrert i bygningskroppen gjennom eit kutt i overflata: I Cut #6, med undertittelen Armlengdes avstand, er eit kronestykke transformert til eit sagblad som kuttar eit sirkulært spor i veggen fram til krona – utsliten av strevet – sit fast i sporet. Ytterstad har laga kuttet i veggen ved å gjere ei sirkelrørsle med armen, slik at radiusen på sirkelen er definert av lengda på armen hans.

Da arbeidet på Kronstad tok til i 2010, var det ikkje vanleg praksis i KORO å handtere kunst eigd av andre, men rektor gjorde kunstutvalet merksam på at høgskulen allereie eigde hundrevis av verk – tidlegare innkjøp og gåver frå den tida lærar-, ingeniør- og sjukepleiarutdanningane var sjølvstendige institusjonar. Denne store og varierte kunstsamlinga inneheldt mellom anna verk henta frå historia til dei ulike fagområda, og blei tatt inn i kunstplanen og supplert av eit femtitals nyare verk, hovudsakleg monterte i grupper i dei offentlege areala på campus.

Historiske prospekt av Bergen heng til dømes i gangane i ingeniøravdelinga. På ein dobbelthøg vegg ein annan stad er alle måleria samla i såkalla salonghenging, og inne i idrettsbygget finst ein lang grafikkvegg. Verka her er monterte kronologisk og balanserer langs ei midtlinje slik at ein ser korleis ei rekke kunstnarar undersøkte fleire av dei same visuelle og tekniske problemstillingane i same tidsperiode.

Dei siste kunstprosjekta, samla under tittelen Vågestykke, gjekk føre seg mellom 2016 og 2018. Les meir om desse temporære og sosiale kunstverka på ei eiga side her, Instagram og på Facebook

Detaljer

Adresse

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Kunstnere

Päivi Laakso
Kim Hiorthøy
Lutz-Rainer Müller
Stian Ådlandsvik
Snorre Ytterstad
Anne-Gry Løland
Toril Johannessen
Caroline Kierulf
Annette Kierulf
Anita Tjemsland
Vilde Salhus Røed
Rita Marhaug
Elin Brissman
Tom S. Kosmo
Johannes Borchgrevink Hansen
Gro Petersen
Suvi Nieminen
Mona Orstad Hansen
Gardar Eide Einarsson
Leonard Rickhard
Nirmal Singh Dhunsi
Margrethe Kolstad Brekke
Feng Boyi
Zhao Zhao
Zhang Xiaotao
Li Binyuan
Miao Xiaochun
Tian Xiaolei
Qiu Anxiong
Li Yifan & Yan Yu
Ju Anqi
Yin-Ju Chen
Wen Hui
Tamrat Gezahegne
Inger Wold Lund
Jon Hoem
Jostein Stalheim
Gabriel Johann Kvendseth
Claire Tolan
Hagar Ophir
Hakim Bishara
Cathrine Evelid

Ferdigstilt dato

15.03.2018

Prosjektansvarlig

Stine Arnet Høyem
Harald Fenn
Mari Aarre

Kunstkonsulent(er) i kunstutvalget

Sissel Lillebostad
Trond Hugo Haugen

Byggherre

Statsbygg

Arkitektkontor

HLM arkitekter og plan as
CUBO Arkitekter A/S

¨
Varighet

Permanent og temporært

Tilgjengelighet

Tilgjengelig for publikum

Program

Kunst til statens nybygg

Bli med på digital omvisning!

Kunstverk

Kunstnerintervjuer

Milepæler

07.01.2010


Oppdragsbrev

27.04.2010


Konsulentavtale

22.10.2012


Godkjent kunstplan

14.11.2014


Ferdige kunstprosjekter

01.01.2016


Vågestykke startar