Forsvarets operative hovudkvarter

Historia og geologien til det lokale landskapet har vore ramma for det nye kunstprosjektet laga spe-sielt for Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) utanfor Bodø.

Kystvakta støttar med å hevde norsk suverenitet til havs. Fotograf: Jonas Selim/ Forsvaret

Om prosjektet

Ved innløpet til Skjerstadfjorden ligg den myteomspunne Saltstraumen, verdas sterkaste tidvasstraum. Kvar einaste dag oppstår seriar av malstraumar når tidvatnet passerer det smale sundet, som berre er 150 meter breitt. I den ytste delen av fjorden ved Saksenvik og Setså finst eit gammalt kvernsteinsbrot i fjella med geologiske striper av granatglimmerskifer. Over 30 000 kvernsteinar er blitt hogne ut her i løpet av 1000 år. Dei har sidan segla forbi Saltstraumen som eksportvare, hovudsakeleg til Danmark og Sverige.

Malstraumar og kvernsteinar er forbundne gjennom fleire mytologiske forteljingar. Utgangspunktet for Sidsel Bonde sitt kunstverk til FOH er den norrøne myten om jotnane Fenja og Menja og kverna Grotte. I korte trekk handlar myten om dei to kvinnene Fenja og Menja og kverna deira Grotte, som berre dei to er sterke nok til å bruke. Grotte er magisk og kan male fred og lykke. Fenja og Menja blir tatt som slavar av danske kong Frode, men dei set seg sjølve fri gjennom å få kverna til å male fram ein hær. Etter det blir dei tatt som slavar av ein sjøkonge. Enda ein gong får dei hjelp av Grotte, som mel havet så salt at skipa går ned. Grotte endar til slutt på havsens botn, der midten av steinen dannar ein malstraum: «I havet var det sidan ein svelg der sjøen fell ned i kvernauga», står det hos Snorre. Dette forklarer også kvifor havet er salt, ei forteljing mange vil kjenne igjen frå folkeeventyra nedskrivne av Asbjørnsen og Moe. Myten blir ramma inn av landskapet omkring FOH, med kvernsteinsbrotet og den berykta malstraumen i Saltstraumen.

Kunstverket består av ein serie betongsirklar og illustrerer transformasjonen frå kvernstein til malstraum. Forma er inspirert av sirklar og formasjonar som Bonde har sett i steinbrota i Saksenvik. Betong er brukt for å skape ein følelse av at sirklane er ein naturleg del av betongveggen som dei er monterte på. Desse formasjonane skaper ein forbindelse til dei hundreår gamle sirklane i fjellveggen i Saksenvik og til den mektige Saltstraumen. I tillegg er ein mosaikk av granatglimmerskifer frå steinbrota med på å understreke tilhøyret til geologien, tradisjonane og historia på staden.

Om kunstnaren: Kunstprosjektet til FOH er Sidsel Bonde (f. 1992) sitt første oppdrag for KORO. Ho jobbar med skulpturar og installasjonar som har ei stadspesifikk tyding, ofte utført i materiale og uttrykk som har ei tilknyting til staden der kunstverket skal vere. Ho har tidlegare jobba med Land Art og temporære kunstverk for offentlege rom og blei invitert til å lage kunstverk til FOH. Bonde er fødd i Danmark og er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen og Det Kongelige Danske Kunstakademi, Skolen for design i København.

Detaljer

Fylke

Nordland

Planlagt ferdigdato

23.06.2023

Kunstner

Sidsel Bonde

Prosjektansvarlig

Anna Katharina Haukeland , KORO

Kurator

Trygve Ohren

Byggherre

Forsvarsbygg

Arkitektkontor

Stein Halvorsen AS

¨
Varighet

Permanent

Tilgjengelighet

Ikkje tilgjengeleg for publikum

Program

Kunst til statens nybygg