Møte med veggen

Ayman Alazraq og Emanuel Svedin sin installasjon lar oss kjenne hjarteslaga til syriske flyktningar gjennom vibrasjonar i veggen. Kva føler vi eigentleg da?

Emanuel og Ayman møttest på Kunstakademiet i Oslo. Der fann dei ut at dei delte mange av dei same verdiane og tankesetta. Dei jobbar både på prosjekt saman og kvar for seg. Foto: Niklas Hart.

Tekst av Niklas Hart

– Installasjonen vår er laga slik at du kjem til å gå glipp av den, seier Emanuel Svedin.

På Campus Sogndal, i minglerommet i Bragebygget, utanfor ein lesesal, litt bortanfor inngangsdøra, står ein frittståande grå vegg. Den er så naken og så grå at den nærmast er umogleg å legge merke til. Men plutseleg legg du merke til den likevel.
Viss du er der til rett tid.

– Det føregår berre i to og eit halvt minutt. Hadde det skjedd konstant, ville det vore forferdeleg. På ein T-banestasjon er det annleis, men her kjem dei same folka inn kvar dag i fleire år. Da kan ein ikkje ha ein video som rullar og går heile tida, meiner Emanuel.

Til å ta og føle på. Snutten av flyktningar som spelar fotball i ørkensanden, nærmast supplerer hovudverket: den gråmåla veggen. Den vibrerer. Foto: Werner Zellien

Videofilmen, som begynner kvar time mellom klokka ni og fem og varer i to og eit halvt minutt, er forresten ikkje den viktigaste delen av verket. Snutten av flyktningar som spelar fotball i ørkensanden, nærmast supplerer hovudverket: den gråmåla veggen. Den vibrerer.

Emanuel: – Det er som å lytte til eit hjarte, berre at du kjenner det gjennom hendene dine. Alle trur dei høyrer hjarteslag, men det gjer dei ikkje. Det dei kjenner, er vibrasjonar som lurar dei. Verket handlar ikkje så mykje om informasjon som om følelsar.

– Kva slags følelsar trur de verket set i gang?


E: – Først og fremst eigne følelsar. Når folk kjenner hjarterytmen, kan dei komme til å tenke på barnet sitt, eller mor si. Folk legg ut på forskjellige emosjonelle reiser. Men så har vi dette skiltet som fortel at det handlar om syriske flyktningar, slike som ein kan sjå på videoen. Tanken er at ein først skal kople seg til sine eigne følelsar. Da blir det lettare å forstå at flyktningane ikkje berre er eit tal i ørkenen.

 

Foto: Werner Zellien.

Duoen hadde lenge arbeidd med ein vegg, eller mur, som tema. Etter kvart som europeiske land begynte å stenge grensene sine, og Trump gjekk til val på å bygge ein mur mot Mexico, blei temaet meir og meir aktuelt for dei to kunstnarane.

Ayman: – I denne diskusjonen var vi opptatt av at det finst eit menneske på den andre sida, eit menneske med draumar om eit betre liv. Så stilte vi oss spørsmålet: Korleis kan vi snakke om denne krisa utan å snakke om tal? Det var da vi kom inn på hjartet. Det er universelt. Alle har eit hjarte.

Videofilmen begynner kvar time mellom ni og fem. Gjennom den gråmåla veggen kjenner du vibrasjonar. – Det er som å lytte til eit hjarte, berre at du kjenner det gjennom hendene dine, seier Emanuel Svedin. Stillbilete frå videoen.

E: – Noko av problemet med informasjonssamfunnet vi lever i, er at vi snakkar om tal heile tida. Ein stad på vegen trur eg vi må finne tilbake til erkjenninga at vi alle er menneske. Dette er ein av fordelane ved å jobbe med samtidskunst, at vi – dersom vi er heldige og flinke – kan skape ein portal for eigne følelsar og minne og gjere dei tilgjengelege for deg. Slik kan kunstverket få deg til å bruke eigne følelsar for å forstå andres.

– Korleis veit de om kunstverket verkar slik de håper?


A: – Vi ser det på korleis folk reagerer. I det augeblikket folk klemmer veggen, føler vi at vi har klart å kommunisere noko.

Ideen bak verket som skulle bli heitande That was then … This is now var klar nok, men korleis skulle dei gå fram? Som konseptkunstnarar flest trengde også Ayman og Emanuel eksperthjelp med å la konseptet manifestere seg reint fysisk. Altså, til å lage installasjonen.

E: – Vi spør oss sjølve kva for historie vi vil fortelje, og korleis vi vil fortelje den. Det er det som er jobben vår. Vi er jo ikkje ekspertar, og vi skal heller ikkje vere det, vi er kunstnarar. Så når vi jobbar med folk som er verkeleg gode på sitt felt, forstår vi kva for retning prosjektet kan ta, og kva for moglegheiter som finst i det. Det er den morosame delen av det å vere konseptkunstnar.

 

 

Ayman bur i Oslo, mens Emanuel bur i Stockholm. Dei har møte på Skype kvar veke, og møtest så ofte dei kan for å diskutere pågåande og nye prosjekt. Foto: Niklas Hart.

Ayman og Emanuel valde ikkje den lettaste vegen. Dei måtte forsere både byråkratiske og tekniske hinder undervegs.

E: – Vi kunne ha funne lyden av hjarteslag på Internett. Vi kunne gjort opptak av våre eigne hjarte, eller av flyktningar i Noreg eller Sverige. Men det er stor forskjell på det å vere flyktning her og der borte. Og kunsten treng å vere ærleg, den skal ikkje forsøke å vere noko den ikkje er.

Derfor måtte nokon til ein flyktningleir og gjere opptak. Ayman er palestinar og snakkar arabisk. Det var naturleg at det blei han som drog. For å få innpass i Zaatari flyktningleir måtte han først få løyve frå jordanske styresmakter.

A: – Dei berre lo av meg. Da eg forklarte prosjektet vårt, trudde dei at eg spøkte. For å komme inn måtte eg søke om å lage ein dokumentarfilm.

Etter ti dagars ventetid var løyvet på plass. Ayman fekk éin dag på seg til å møte menneske som hadde flykta frå krigen i Syria, til å filme ein fotballkamp og til å gjere opptak av hjarteslaga deira. Sjølv kunne ikkje Ayman høyre noko som helst. Han frykta at opptaksutstyret ikkje klarte fange opp vibrasjonane. Men heime i Sverige satt Emanuel med ein lydteknikar og kunne bekrefte at det fanst noko der dei kunne jobbe med.

E: – Nå hadde vi lydopptaka, men så kom problemet med korleis lyden oppfører seg i møte med ulike materiale. Det er ein enorm variasjon. Vi bygde seksten veggar før alt stemte. Det beste materialet viste seg å vere mdf, heldigvis eit av dei billigaste materiala ein kan bruke.

Videofilmen av syrarane som spelar fotball, var meint som dokumentasjon, men blei sidan ein del av kunstverket. – Alle har eit forhold til hjartet, og ærleg talt, alle har eit forhold til fotball også, meiner Emanuel (men det er Ayman som er best med ballen). Foto: Niklas Hart.

– Tenker de lage fleire slike installasjonar i framtida?

E: – Vibrasjonskunst er upløgd mark. Googlar du «vibrational installations», får du ikkje mange treff, og eg er sikker på at dette må vere den einaste vibrasjonsinstallasjonen i verda. Sjølv om eg tenker at vi nå kan mykje om korleis det gjerast, kjem vi ikkje nødvendigvis til å fortsette med det. Men kanskje vil vi jobbe på eit prosjekt der ein vibrerande installasjon viser seg å vere den einaste løysinga.

Alt dei tør fortelje om sitt neste prosjekt, er at det skal munne ut i «ein installasjon», og at det «handlar om bomullsindustrien». Det dei er sikre på, er at dei skal halde fram med å samarbeide.

A: – Det fine med å jobbe saman er at ein får nokon til å stille dei rette spørsmåla. Kvifor gjer vi dette? Kva vil den og den ideen tilføre prosjektet? Slike ting.

E: – Dessutan er det effektivt å vere to. Vi kan fordele oppgåver mellom oss og lettare drive prosjektet framover.

Installasjonen som står på Campus Sogndal, skal stå heilt fram til 2039. Mesteparten av tida er veggen like død som ein heilt tilfeldig vegg. Og skjermen er stort sett av. Her skal studentane henge litt mellom slaga.

Og plutseleg få sjansen til å kjenne hjarteslaga til eit anna menneske.

Etter kvart som europeiske land begynte å stenge grensene sine, og Trump gjekk til val på å bygge ein mur mot Mexico, blei temaet meir og meir aktuelt for dei to kunstnarane. Det måtte bli vegg, eller mur. Foto: Niklas Hart.

Ayman Alazraq (f. 1979) og Emanuel Svedin (f. 1983)

  • • Konseptkunstnarar. Står bak installasjonen «That was then … This is now», utplassert på Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.
    • Møttest på Kunstakademiet i Oslo, der dei begge tok bachelorgraden i hhv. 2009 og 2008. Alazraq tok si mastergrad her i 2011.
    • Svedin har si mastergrad frå Konsthögskolan Valand i Göteborg og bur og arbeider i Stockholm.
    • Alazraq kom frå Palestina til Noreg i 2006 og bur og arbeider i Oslo. På nett: aymanalazraq.com.

Del denne artikkelen