Kuratorpraksis + det offentlege rom (2020)

KORO vidarefører fordjupingsprogrammet Kuratorpraksis + det offentlege rom frå 2018. Søknadsfrist for årets program er 15. mars 2020.

Fra Black Mountain College Research Project Papers. Fotograf: State Archives of North Carolina Raleigh, NC

For andre gang organiserer KORO eit samlingsbasert fordjupingsprogram for fagpersonar som vil arbeide med kuratering og organisering av kunstprosjekt i offentlege rom.

Gjennom forelesingar, feltstudium og møte med leiande kunstnarar, kuratorar, teoretikarar og oppdragsgivarar vil programmet gi relevante verktøy og aktuell kunnskap om forholdet mellom kunst, offentlege rom og publikum i dag.

Fordjupingsprogrammet er organisert som tre intensive fagsamlingar à tre dagar, to i Oslo og ei i Trondheim, i tidsrommet april til november 2020, tentativt i veke 18, 42 og 46.

Foreløpig program og meir informasjon om krav til søknaden kjem i løpet av februar og blir lagt ut på denne sida. Les om programmet frå 2018 her

Viktig informasjon om programmet

Organisering

Det blir tre intensive fagsamlingar à tre dagar, to i Oslo og ei i Trondheim, i tidsrommet april til november 2020, tentativt i veke 18, 42 og 46.

Søknadsfrist

15. mars 2020.

Program og krav til søknaden

Blir lagt til denne sida mot slutten av februar.

Del denne artikkelen